Hopp til innhold

-Oppløftande resultat

Heile 1875 bilførarar vart stoppa i ein større ruskontroll sist veke her i fylket. Berre to av desse vart melde for køyring med promille og ein for køyring i ruspåverka tilstand. Trafikkoordinator Steven Blindheim i Møre og Romsdal politidistrikt synast resultatet er oppløftande. Kontrollane vart utført i samband med kampanjeveka for ruskontroll til det europeiske nettverket for trafikkpoliti.