Hopp til innhold

Skal ha tilbod på plass

Helse Midt-Norge vil ha fortgang i arbeidet med det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund. Direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, seier dei alt i dag skal ha møte med kommunen for å få fortgang i prosessen om korleis noverande sjukehusbygg skal fungere i framtida. Planen er at sjukehuset i Kristiansund skal huse eit distriktsmedisinsk senter og kommunale helsetilbod.

Kristiansund Sjukehus
Foto: Eirik Haukenes / NRK