Meir mjølk frå meieriet i Ålesund
Denne veka startar ei oppgradering av lageret ved Tine Meieriet Ålesund. Produksjonen blir stoppa dei fire vekene dette tar. Årsaka er at Ålesund skal ta over produksjonen av konsummjølk frå Byrkjelo. Det inneber omlag 200 fleire kundar og ein produksjonsauke med omlag fire millionar liter i året.