Hopp til innhold

To mista lappen ved Bjerkeset

Utrykkingspolitiet hadde kontroll på E39 ved Bjerkeset i Gjemnes. I alt 22 førarar fekk forenkla førelegg på grunn av for høg fart, 3 for mobilbruk og 1 for manglande bilbelte. To førarar mista sertifikatet då dei køyrde i 92 og 96 km/t i 60-sona.