Dalavegen er open igjen
Dalavegen er opne igjen for fri ferdsel, skriv Surnadal kommune på heimesidene sine. Vegen blei stengd 9. desember etter fleire store skred, men vegen er no utbetra. Kommunen vil framleis halde området under oppsikt, og vegen kan bli stengd på nytt dersom det kjem store nedbørsmengder.