Hopp til innhold

Må bruke pulk for å få levert julevarene

SURNADAL (NRK): Det kan ta fleire månader før kommunen kan utbetre vegen i Todalen etter fleire skred dei siste dagane. Det skaper store utfordringar for dei som bur i området.

Varer på pulk

Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset hos Kårvatn Fjellutstyr AS nektar å gje opp vareleveringa no rett før jul. Sjølv om vegen ikkje kan brukast lenger, klarer dei førebels å halde hjula i gang.

Foto: Roar Halten

Kårvatn Fjellutstyr i Surnadal kallar seg Noregs mest vekkgøymde sportsbutikk, og i desse dagar kan det neppe vere å ta for hardt i.

– Du blir jo sjølvsagt litt lei når vegen reiser, men du lærer mykje av det. Det skal mykje til før ein gir opp, det går ikkje an, seier Gudmund Kårvatn, som sel fjellutstyr, og er inne i den aller mest hektiske sesongen, rett før jul.

Vi er fortsatt å nå på telefon og mail, og vi kjem til å kome oss dit for å hente varer (på ein eller annan måte) ein av dei første dagane.

Gudmund Kårvatn på Facebook

Forbode å bruke vegen

Ras har tatt vegen til Kårvåg

Frå lufta er det enkelt å sjå dei store øydeleggingane som jord- og steinskred har gjort dei siste dagane. Kommunen trur det kan ta fleire månader før vegen kan brukast igjen.

Foto: Roar Halten

Hovudvegen inn i området er såpass øydelagt at det er forbode å bruke han, og det får konsekvensar for dei fem husstandane i området. Verken posten, skulebussen eller søppeltømmarane kan bruke vegen.

For å setje det på spissen er det slik at vi må begynne å ta i bruk det utstyret vi sel, for å få ut varene, ler Kårvatn.

Trur vegstenginga blir langvarig

Natt til måndag gjekk det første store jord- og steinskredet ved Kårvatn, seinare har det gått fleire mindre, og vegen inn til bygda er no stengd. Surnadal kommune seier det kan ta lang tid å reparere vegen, og at dei reknar med at det kan kome fleire skred. NVE har sendt ut flaumvarsel og melder om store nedbørsmengder.

Sondre Ormset t.v. og Gudmund Kårvatn

For Sondre Ormset t.v. og Gudmund Kårvatn i Kårvatn Fjellutstyr AS er julehandelen svært viktig. Dei prøvar difor nye metodar for å nå kundane sine.

Foto: Roar Halten

– Arbeidet er no sett på vent fordi det er så mykje nedbør. Det er stort vasspress mot rasområdet. Vi trur vegstenginga blir langvarig og at det kan fleire månader før vegen blir utbetra, seier oppsynsmann Gunnar Bøe i kommunen.

Han seier geoteknikarar skal til staden for å sjekke grunnforholda, og ser ikkje bort frå at vegen kan bli lagt om permanent.

Det er fire år sidan sist det gjekk eit stor stein- og jordskred i det same området.

Bil på tunet utanfor Kårvatn Fjellutstyr

Dei som skal drive butikk under høge fjell får kjenne på naturkreftene. Store nedbørsmengder har utløyst fleire skred dei siste dagane.

Foto: Roar Halten