Opnar idrettshallane i Giske
Kommunen og idrettslaga i Giske skal saman gi eit innandørs aktivitetstilbod i vinter, og opnar idrettshallane. Ein hall blir open kvar søndag ettermiddag. Idrettslaga stiller med aktivitørar, og det kan og bli tilbod utandørs. Lite tilbod til innbyggarane vinterstid er bakgrunnen for tilbodet.