Hopp til innhold

Bed framleis om tips

Politiet i Herøy bed framleis om tips etter brannen i eit bustadhus nær Herøy kyrkje søndag ettermiddag.

Fleire naboar seier dei høyrde fleire smell i forkant av brannen, og at dei såg ein mann springe frå staden.

Politiet arbeider ut frå ein teori om at brannen kan vere påsett, men etterforskinga i natt har ikkje ført politiet noko nærare ein konklusjon.

Bebuarane i huset var ikkje heime då det tok til å brenne.