Hopp til innhold

Sunndal kommune blir etterforska

Politiet etterforskar kommunale innkjøp i Sunndal. I følgje Aura avis handlar saka om eit oppdrag eit privat firma hadde for kommunen. Det kom påstandar mot ein kommunalt tilsett, og kommunen melde saka sjølv til politiet. Kommunen har seinare trekt meldinga, men politiet vil likevel etterforske saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL