Køyrde båt med promille
To småbåtar i Vegsundet i Ålesund støytte saman i 23-tida onsdag kveld. Sju personar var om bord dei to båtane, og ein av dei skal ha blitt lettare skadd. To personar hevda å ha ført båten som køyrde på den andre, og begge desse var påverka av alkohol. Politiet etterforskar saka.