Illustrasjonsfoto
Torsdag bestemte kommunestyret at ordninga med å selje øl i daglegvarebutikkane skal halde fram. Svein Sunde synest det er trist at politikarane ikkje sa ja til å innføre ølpol i Volda att. Han trur kulturen går glipp av store pengar.
Sterk kopling
I Volda er koplinga mellom ølsal og kultur sterk. Då ølpolet blei oppheva for fire år sidan, lova kjøpmennene å betale fem kroner til kulturformål for kvar kasse øl som vart selt. Dette beløpet blei seinare halvert.
Signert papir
Før vedtaket vart gjort torsdag, leverte butikkeigarane eit signert papir med lovnad om at dei framleis vil bidra med pengar til kulturformål. Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland stemte for at ølet framleis skal seljast i butikk, men avviser at denne avgjerda var påverka av butikkeigarane sin lovnad. - Mitt standpunkt er gjort ut frå edruskapspolitiske omsyn, seier Aarflot Kalland.