Stor arbeidsmengd
Samferdselsministeren sa under eit besøk på Nordmøre i september at regjeringa skulle sørge for få prosjektet behandla i Stortinget. Men statssekretær Arnfinn Ellingsen seier at dei ikkje klarer dette likevel på grunn av stor arbeidsmengde før dei går av. Saka er difor overlate til den påtroppande regjerninga. -Saka er jo ferdig utgreidd, slik at vi reknar med at den nye regjeringa raskt vil sende den til Stortinget og at den vil gå greitt gjennom der, seier Ellingsen.
Arnfinn Ellingsen. Foto: Venstre
Skåla i champagne
Det blei slått på stortromma då regjeringspartia var på valkamptur til Nordmøre i september. Statsrådar og sentrale stortingspolitikarar skåla i champagne saman med lokalpolitikarane for å feire at det no var gitt grønt lys for Atlanterhavstunnelen. Ein månad seinare viser det seg at dei ikkje klarer å innfri løftet. Arbeidarparti-ordførar Kjell Magne Sandø i Averøy blei invitert til markeringa, og kallar det heile no ein valkampgimmik. Han føler seg misbrukt og lurt av regjeringspartia.
- Skammeleg
Også næringslivet reagerer på det som no skjer med tunnel-prosjektet. -Det er skammeleg at regjeringa ikkje klarer å oppfylle lovnaden om å få Atlanterhavstunnelen til Stortinget slik dei lova, seier dagleg leiar i næringsselskapet Kom vekst i Kristiansund, Pål Farstad. Han avviser forklaringa om at arbeidspresset i departementet er for stort. -Situasjonen for oss som ventar på tunnelen er frustrerande og uhaldbar, meiner han.
John Harry Kvalshaug
Dyrare tunnel?
Styreleiar i Atlanterhavstunnelen og Senterparti-politikar, John Harry Kvalshaug, trur knapt det han høyrer. -Eg reagerer med vantru på at dei no likevel ikkje klarer å få saka til Stortinget. Dersom saka ikkje blir behandla i Stortinget før jul, kan det ende med at renta på låna som skal finansiere prosjektet blir høgare. Kvalshaug fryktar dermed ein dyrare tunnel. -Eg har håp om at vi skal klare å halde oss innanfor fristane for rentegarantien som er 22. desember. -Men dersom behandlinga av prosjektet blir utsett til 2006, så kan resultatet bli eit dyrare prosjekt. Det vil igjen vil ramme trafikantane, seier ein svært oppgitt Kvalshaug.