Hopp til innhold

-Løyser ikkje kraftsituasjonen

Avgjerda om å gjere det lettare å starte dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden løyser ikkje den spente kraftsituasjonen, seier fylkesordførar Olav Bratland (H).

Fylkesordfører Olav Bratland

Fylkesordførar, Olav Bratland (H).

Foto: NRK

Bratland er likevel glad for regjeringa si avgjerd, som betyr at Statnett kan køyre i gang kraftverka i løpet av nokre få timar dersom det oppstår vanskar med straumforsyninga.

Ikkje verknad på prisen

Dei to kraftverka har ein kapasitet på til saman 300 MW. Dette er både ein liten og kostbar produksjon og vil såleis ikkje kunne ha nokon innverknad på straumprisen. Bratland er glad for at det no er lettare å starte dei to kraftverka, men understrekar at det ikkje endrar den spente situasjonen.

- Her må vi ta grep og mellom anna så må den planlagte kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på plass så snart som mogleg, seier Bratland.

Han etterlyser også betre rammevilkår som kan få fortgang i utbygging av vindkraft i fylket.

Grasrota i Ap

Stortingsrepresentant Else May Botten kjem frå eit fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet sist helg, der dei energipolitiske krava var mange og uroen stor. Eit av krava var å starte opp dei mobile gasskraftverka.

- Dette er eit steg i rett retning. No tar det ikkje lenger to veker å klargjere kraftverka, men kan gjere det i løpet av nokre timar, seier Botten.

Else-May Botten (Ap)

Stortingsrepresentant, Else-May Botten (Ap).

Foto: Stortinget

Botten er uroa for kraftsituasjonen utover våren, sidan kraftmagasina er kraftig nedtappa. I tillegg til berre halvparten så mykje snø i fjellet som normalt, vil kraftsituasjonen vere spent utover våren og sommaren.