Hopp til innhold

- Vil ha større stadion

Kjetil Rekdal meiner AaFK bør vurdere å bygge på stadion slik at det vert plass til nokre tusen til.

Kjetil Rekdal på CLS
Foto: Arne Flatin / NRK

I dag er kapasiteten på snaut 10 800. Til kampen mot Molde laurdag er stadion utselt. Dette skjer 2-3 gonger i året. AaFK har svært mange med sesongkort, og tilskodartalet er sjeldan under 10 000. I fjor skjedde det berre i tre kampar.

Kjetil Rekdal seier at betre sportslege resultat vil føre til større interesse rundt klubben. Dermed kan ein på sikt rekne med at etterspørselen etter billettar vert endå større enn i dag. Han viser til at då han tok over i Vålerenga var det rundt 7000 menneske på kampane. Nokre år seinare var talet ca 17 000. Sjøl om Vålerenga og AaFk ikkje kan samanliknast heilt er Rekdal trygg på at klubben vil kunne ta steget opp eit nivå, og at interessa for laget dermed aukar.

Ikkje lønsamt no

Henrik Hoff
Foto: Arne Flatin / NRK

Klubbdirektør Henrik Hoff seier det ikkje vil lønne seg å bygge ut dersom det er snakk om å ta unna toppane på nokre få kampar i året. Dersom laget vil kunne rekne med eit gjennomsnitt på eit par tusen meir enn no så kan det vere god butikk i å bygge ut stadion. Der finst planar for den eine langsida om å auke kapasiteten ved å heve tribunetaket forankra i eit forretningsbygg.

Tettar att hjørna

AaFK har nettopp bestemt seg for å tette att to av hjørna på stadion men ikkje med auka publikumskapasitet, men ved fleire forretningslokale. Rekdal trur uansett det er positivt at hjørna vert tetta att. - Det vil føre til betre stemning på stadion og at vinden ikkje vert så plagsam som han kan vere på sitt verste i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL