Hopp til innhold

- Vil ha kortare antibiotikakurar

Kortare antibiotikakurar må til for å bremse antibiotikaresistens. Det meiner professor i medisin, Dag Berild frå Ålesund som jobbar ved Oslo universitetssjukehus. Berild meiner det er på høg tid å få bukt med myten om at du skal fullføre kuren etter at du er frisk for å unngå resistens.

Antibiotikasenteret for primærmedisin seier at det trengs meir forsking før legane kan gi råd om kortare kurar til pasientane.

Overlege Dag Berild
Foto: Hans Erik Lindbom / NRK