Hopp til innhold

- Vi undervurderer innvandrarane

Fylkesleiaren i Møre og Romsdal SV, Olav Hauge, meiner lokallaga må bli flinkare til å rekruttere innvandrarar dersom dei skal nå opp i stortingsnominasjonen.

Olav Hauge
Foto: Aina Rødal / NRK

Stortinget kan ende opp utan representantar med innvandrar-bakgrunn etter valet neste år, og heller ikkje her i fylket ser det ut til at innvandrarar kjem høgt på stortingslistene.

Hauge meiner hans eige parti også kan gjere ein langt betre jobb.

- Det blir vanskeleg for nominasjonskomiteen vår å overprøve forslaga frå lokallaga, då skal dei ha veldig gode lokalkunnskapar, seier Hauge.

Nominasjonsprosessen er i full gang i alle partia her i fylket. I Arbeidarpartiet har det første forslaget til stortingsliste frå nominasjonskomiteen kome, i dei øvrige partia vil forslaga kome i løpet av dei næraste vekene og månadene. Men det er små utsikter til at innvandrarar blir nominert høgt på lista.

I ein nominasjonsprosess speler lokallaga ei avgjerende rolle. Skal innvandrarar nå opp er nøkkelen lokal rekruttering, meiner Olav Hauge.

- Eg trur vi rett og slett undervurderer deg. Dei er flinke og eg er overtydd om at dei vil, seier Hauge