Hopp til innhold

Vatnet skapar trøbbel fleire stader

Regnet pøsar ned fleire stader i landet. Dei store vassmengdene lagar mykje trøbbel på kysten.

Uvêret som pregar store delar av kysten av Norge, skapar mykje trøbbel.

To personar blei meld sakna etter raset som gjekk ved Flesje i Tuftadalen, fire kilometer vest for Balestrand måndag kveld.

Huset til dei to vart teke av raset, og berre grunnmuren står att.

Uvanleg

Til saman 40 vegar er stengde i Sogn og Fjordane og Hordaland grunna ras og flaum.

I Hordaland trugar dessutan vassmengdene med å øydelegge fleire campingplassar på Kvamskogen.

– Sjølv for Vestlandet er det uvanleg med så mykje regn. Det er ikkje rart at det er flaum både her og der, seier statsmeteorolog Anders Sivle.

  • Har du bilete eller video om vêr og veg? Send dei til sf@nrk.no eller på MMS med kodeord SF til 1987.

Både regn og snøsmelting

Anders Sivle

STATSMETOROLOG: Anders Sivle ved Meteorologisk Institutt.

Foto: met.no

Ifølgje Meteorologisk Institutt har det kome mest nedbør i Sogn og Fjordane, men det har også vore mykje regn i Møre og Romsdal og i Trøndelag.

– I desse fylka regnar det absolutt meir enn vanleg. I tillegg til mykje regn er temperaturen blitt såpass mild at snøen også smeltar, seier Sivle til NRK.no.

Den verste nedbøren vil gi seg utover kvelden og natta måndag, men Sivle fortel at det vil halde fram med bygevêr utover veka.

77 millimeter på tolv timar

Måndag kom det mest nedbør i Stryn i Nordfjord; heile 77 millimeter. I Fiskåbygd i Møre og Romsdal kom det 73 millimeter.

På vegen mellom Svelgen og Kjelkenes i Bremanger kommune rasa delar av vegen ut. Riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden i Jølster vil vere stengt til tidlegast tysdag morgon grunna snøras.

I Leivdalen i Eid vart bilvegen gjort om til ei elv på grunn av dei store vassmengdene. Det kraftige regnvêret førte måndag ettermiddag til at elva gjekk over sine breidder.

I Naustdal måtte kommunen rykkje ut for å få kontroll på vassmengdene som truga husa i eit byggjefelt, skriv firda.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veg rasa ut på fylkesveg 614

RASA UT: På fylkesveg 614 mellom Svelgen og Kjelkenes rasa delar av vegen ut.

Foto: Stig Kjørslevik

Brannvesenet åtvarer

I Molde har nedbør, høg flo og stor vassføring skapt flaum i bygardar. Situasjonen i Molde uroar brannvesenet, som no åtvarar at mykje vatn kan vere til fare for mindre born.

– Vi er uroa for at mykje vatn i grøfter og bekkar, så vi håpar at ungane held seg unna. I sentrum kjem det vatn inn i kjellerane på ein del bygardar, seier overbrannmeister Idar Eidem.

OBS-varsel: Lokalt stor snøskredfare i Hordaland, Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal. Vanskelege køyreforhold og snøskredfare i fjellet i Sør-Norge.