Hopp til innhold

- Vi er ikkje trygge

I fjor haust vart "Lise" brutalt overfalle av to menn midt i Ålesund sentrum. Ho meiner møtet med politiet var eit nytt slag.

"Lise" vart overfalle i Ålesund

'Lise' vart utsett for overfall i Ålesund sentrum i fjor haust. No er saka lagt vekk.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Eg stoppa for å tenne ein røyk. Det blåste litt, så eg valde å gå litt inn i gata. Plutseleg kom der hender framfor augene mine og nokon tok tak i kroppen min.

- Kva skjedde så?

- Eg vart skubba opp mot ein vegg, der den eine av mennene stod bak meg og heldt meg. Han bytta mellom å halde meg framfor augene og å halde overkroppen min slik at eg skulle stå stille, medan den andre mannen prøvde å drage av meg buksa.

Redda av forbipasserande

"Lise" stivna i kroppen og klarte ikkje å gjere motstand med det same.

- Så klarte eg å vri meg såpass at han sleit med å få av meg buksa, men då vart han mykje meir hardhendt og gav meg beskjed om at eg hadde berre med å stå stille eller så kom eg til å få frykteleg vondt.

Ein tilfeldig forbipasserande vart redninga for den unge kvinna.

- Det kom heldigvis ein mann som ropte og som skjønte at det var noko som skjedde som ikkje burde skje. Då gav dei meg eit par spark til og så sprang dei.

- Alle trur det er trygt å gå rundt her i byen, men det er faktisk ikkje det.

- Redd for å ikkje verte trudd

Kraftig forslått kom ho seg heim, men vart utsett for eit nytt sjokk då ho fekk møte politiet nokre dagar seinare.

- Ein av dei første tinga eg vart møtt med der var at dei sa at det er straffbart å levere falsk forklaring. Då vert ein veldig redd for å seie noko gale. Ein er redd for å ikkje verte trudd.

No er saka lagt bort.

"Lise" er framleis prega etter overfallet. Av omsyn til familien vel ho å vere anonym, men ho meiner likevel det er viktig å fortelje historia for å advare andre jenter.

- Vi er ikkje trygge når det er slik som det er no. Vi er makteslause og kan ikkje gjere noko anna enn å passe på kvarandre og sørgje for at alle kjem seg trygt heim.