Hopp til innhold

- Trygt å opne vegen

Eit kjørefelt opnar etter ras på Oppdølsstranda.

Ras på Oppdølsstranda 05.06.09

Mellom 1000 og 2000 kubikk stein sperra vegen.

Foto: Eindride Ulstein Gravem

- Om ikkje noko spesielt skjer rekner vi med at ura held seg slik den er no, seier Ivar Hol, seksjonssjef i Statens Vegvesen.

Ingen vart skadd då det 30 meter breie raset traff riskveg 70 i Sunndal.

Les også:

Geologar har vore inne i rasområdet fredag ettermiddag for å undersøke fara for nye ras.

Venter ikkje nye ras

Statens Vegvesen venter ikkje nye ras frå same område og vurderer det som trygt å opne eit av køyrefelta fredag ettermiddag.

Statens Vegvesen seier at rasområdet ser reint ut og at dei trur det som var laust har rasa ut.

- Måndag vil vi få eit firma til å renske ura og så får vi reparere fanggjerdet, seier Ivar Hol.

Raset starta med ei blokk som fall ut frå 250 meters høgde. Mellom 1000 og 2000 kubikk stein rasa ut og blokkerte vegen.

- Mykje endta opp i fanggjerda våre også, så omlag 50 meter av dei er øydelagd.

Krev båtskyss

Etter at det på nytt har gått eit stor ras på strekninga sett Sunndalsordførar Tove Lise Torve trykk på kravet om skuleskyss i båt for elevane i kommunen.

- Vi meiner at ungane må få båtskyss for stranda er så rasfarleg, seier Torve.

No håper ho at ny tunnel kjem på plass så fort som råd og fortel at det er frykt blant folk i området.

Les også:

Ingen skadde

Raset gjekk like etter klokka 12 fredag. Rasstaden er mellom to tunnellar, nærare Sunnadlsøra enn det raset som gjekk i august i fjor.

Politiet fortel at ingen var i området då raset gjekk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL