Hopp til innhold

Folkemøte etter nye steinsprang

Etter to nye steinsprang i Oppdølsstranda i jula vurderer arbeidsgruppa for rassikring eit nytt folkemøte.

Oppdølsstranda
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Leiar Anders Røkkum i gruppa vil prøve å få det til før nyttår.

Etter juleferien er det stopp i båtskyssen for skuleelevane.

Håpar fylket snur

- Det er ikkje kjekt å sende skuleungane dit når det går så mange steinsprang på så kort tid, og det skjer etter at Vegvesenet allereie har kåra det til ein av dei farlegaste strekningane i landet, seier Røkkum.

I midten av desember vart Samferdsleavdelinga i fylket si avgjerd om å legge ned båtskyssen for skuleelevane anka. Røkkum håper i det lengste at fylket skal ombestemme seg.

- Me får tru at dei gjer jobben sin, og gjer det fort. Viss ikkje får me samle foreldra og ta ei vurdering på det. Hendingane dei siste dagane tilseier det, meiner Røkkum.

- Kan gjere stor skade

Ivar Hol i Vegvesenet seier dei hyppig registrerer små ras langs vegen, som dei to steinspranga som kom no i jula. Natt til andre juledag køyrde ein bilist på ein stein som låg i vegbana. Også julaftan rasa det ut ei steinblokk på same staden.

- Det var kanskje steinar på 10 - 15 kilo. Det kan vere stort nok til å gjere alvorleg skade, viss det treff ein bil forkjært, seier Hol.

Han tør likevel ikkje å seie om desse små rasa er varsel om noko større.

- Det er heilt sikkert ein heil del som skal ned langs heile Oppdølsstranda, men det er veldig vanskeleg å spå kvar det neste kjem.