Hopp til innhold

- Treet må få ha personlegdom

Juletreseljar Edmund Meyer synest ikkje alle tre skal vere heilt like.

Edmund Meyer

JULETREBONDE: I 30 år har Edmund Meyer dyrka juletre i Rauma.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Juletreskogen

INDIVID: - Trea skal ha personlegdom, seier juletrebonde Edmund Meyer.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg synest det er viktig at juletreet får ha litt personlegdom, seier Edmund Meyer.

Han meiner det perfekte treet er passeleg tett og rundt to meter.

- Med fot og stjerne er det bra nok. Det er viktig at trea ikkje er heilt like. Det er skilnaden som gjer kvart og eitt sjarmerande, akkurat som med folk.

Med utsikt til Trollstigen

Video - Juletre skal ha personlegdom

Edmund Meyer står midt i feltet der han har dyrka juletre i 30 år; i foten av Trollstigen.

I dette feltet har han 15 000 tre, og før jul skal han hogge og selje rundt 2500 av dei.

Høyr den sjette luka i adventskalenderen her:

Meyer tener nesten halve årsløna på juletresalet.

- Dei same kundane kjem igjen år etter år. Då vil dei ha ein klem, og så later dei som at dei har gløymt historiane me fortalde kvarandre året før.

- Det er ein del tradisjonar knytta til dette?

- Ja, veldig. Det er veldig tradisjonsbunde.

Edelt med gran

Kva juletre folk vil ha er påverka av trender og motar.

Tidlegare var det vanleg å hente ei furu inn i stova til jul, men slik er det ikkje lenger.

- Dei siste åra har det vore mest populært med edelgran. Over halvparten av det eg sel er edelgran, seier Meyer.

Difor har han ikkje mindre enn fire ulike edelgransortar; nordmannsedelgran, fjelledelgran, koreaedelgran og sibiredelgran.

Kjærast med juletre

Edmund Meyer

FAVORITTRE: - Sibiredelgran er kjærasten min, seier Meyer.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Sibiredelgran er kjærasten min, ler juletreseljaren.

Dei sel han så mange av at han må importere frå Danmark.

- Den sibiriske edelgrana luktar som ei nydusja ungjente, og fjelledelgrana luktar også litt meir enn andre tre. Dei er gode val for den som vil ha ekstra lukt i stova, seier Edmund Meyer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL