Hopp til innhold

- Synd med Mota

Moldetrenar Kjell Jonevret tykkjer det er synd at toppscoraren blei skadd no.

Kjell Jonevret
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Laurdag blei det kjent at Jose Mota er ute med skade fram mot månadsskiftet februar/mars.

Passar dårleg

Jonevret seier dei har andre som kan erstatte Mota på kort sikt, men tykkjer det er trasig at toppscoraren frå i fjor er fekk ein lyskeskade akkurat no når dei førebur seg til sesongstart

- Det er veldig synd. Molde har en smal tropp og har ikkje råd til alt for mange skader. Mota hadde hatt godt av ei lang periode med trening.

Jose Mota, Molde

Jose Mota er ute med skade.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Styrke midtbana

Molde fotballklubb er i desse dager på treningsleir på Gran Canaria.

Trenaren kunne godt tenkt seg ein større tropp, men økonomien avgjer.
Han kunne likvel tenkt å få styrka midtbana.

- Vi er litt få midtbanespelarar. Gode fotballspelarar er alltid velkomne, men slik det ser ut no er midtbanedelen den delen det er tynnast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL