Fleire hundre vindmøller
Selskapet har planar om fleire hundre vindmøller i havet mellom Giske og Averøy.
Direktør Harald Dirdal seier dei må finne ut nøyaktig kor djupt det er.
Havgul har mål om å sende konsesjonssøknad for utbygginga i løpet av desember.
Dei er difor i sluttspurten med å kartleggje alle konsekvensane vindmølleutbygginga vil ha. Heile 15,2 milliardar kroner har dei tenkt å investere, og straumen frå vindmøllene er tenkt gå i sjøkablar til land og så over i liner.
Luftline
Ei ny luftline er mellom anna planlagd frå Haram til Ørskog, og neste veke skal dei ha møter med grunneigarane.
- Møtet med grunneigarane har kome i stand rett og slett fordi vi vil informere om denne lina, seier Dirdal.
- Vi er førebudd på å skape ein god dialog. Det er dte viktigaste. Vi har stor respekt for dei som er motstandarar av prosjektet. Vi har inga oppgåve i å omvende dei på noko måte, men ønskjer å informere på ein mest mogleg skaleg måte, avsluttar Dirdal.