Hopp til innhold

- Respektlaus bilkøyring

Folk på Haramsøya er fortvilte over haldningane til bilkøyring. Den bildrapsikta 19-åringen vart stoppa utan førarkort.

Video nsps_upload_2009_4_27_19_55_31_4081.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Seint laurdag kveld hadde politiet kontroll. Denne gongen visste ikkje folket på øya om at politiet var på veg.

Beklageleg

Torleiv Rogne

Torleiv Rogne

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Torleiv Rogne er rysta over at 19-åringen har køyrt på vegane i Haram, utan førarkort, etter bildrapet tidlegare i år. - Eg tykkjer det er beklageleg at dei ikkje skjønar alvoret. Her er trass alt folk som har mist livet. Her sit att ei enkje. Eg trur det er på tide at nokon fortel dei korleis det verkar å verte att. Vaksne må bry seg. Det er det einaste som kan berge samfunnet vårt, seier Rogne.

Hemmeleg kontroll

Dei vi snakka med på Haramsøya seier det er flott at politiet klarte å halde kontrollen hemmeleg. Vanlegvis går jungeltelegrafen når politiet kjem på ferja til øyane i Haram. Men denne gongen var det ingen som visste at politiet kom. - Det var veldig flott at dei tok turen ut på øyane og gjorde ei runde. Det synes eg er heilt topp, seier Torleiv Rogne som er medlem i formannskapet i Haram.

Inkognito

Berre dei som kjende politifolk personleg kunne ane at politiet var på veg. Dei reiste utan uniform, og kunne sjå ut som om det var ein familie som var på helgatur. - Eg var på same ferja, og eg drog kanskje kjensel på ein som arbeider hos ordensmakta. Han hadde med seg "kona si", så dei reiste heilt konfidensielt, seier Rogne.

Gjer som dei vil

Torleiv Rogne vil ikkje generalisere og seie at det er lovlause tilstandar på øyane i Haram. - Men her er eit lite mindretal som trur dei kan gjere som dei vil, seier Rogne. Her er somme som meiner at her ikkje er nokon kontrollar, og som kanskje gjer som dei vil. Spesielt tykkjer eg det er galt at føresette ikkje fortel sine yngre at dette ikkje går an. Dette mindretalet tyranniserer og terroriserer lokalsamfunnet. Men for dei fleste er lokalsamfunnet her veldig flott, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.