Hopp til innhold

- Prioriter svinebøndene

- Svinebøndene bør prioriterast når vaksinasjonen mot svineinfluensaen startar, seier statssekretær Ola T. Heggem i Landbruksdepartementet

Ola T. Heggem
Foto: Trond Vestre / NRK

Utbrot av svineinfluensa i fleire svinebesetningar i landet har skapt stor uro blant svinebøndene.

- Trur og forventar at svinebøndene blir prioriterte

- Dei bør prioriterast høgt, meiner Heggem.

- Vi er i god dialog med Helse- og omsorgsdepartementet som igjen er i dialog med fylkeslegane og kommunehelsetenestene om dette. Denne kontakten gjer at eg både trur og forventar at svinebøndene blir prioritert innanfor dei ulike kommunane, seier Heggem.

14 besetningar har i løpet av relativt kort tid blitt ramma av svineinfluensa. Elleve av desse i Nord-Trøndelag, to i Buskerud og ein i Rogaland.

Sidan grisane har blitt smitta av menneske har spørsmålet om å prioritere svinebøndene i vaksinekøen kome.

Alvorleg situasjon

Men svineinfluensaen har spreidd seg geografisk, og det skremmer bøndene over heile landet. Ola T. Heggem meiner at situasjonen er alvorleg.

- Vi er i ferd med å få ein smittsam dyresjukdom i landet som vi tidlegare var eitt av få land som var forutan. Utifrå det så er dette ein alvorleg situasjon.

Er du overraska over at smitta går frå menneske til dyr?

- No er eg ingen fagmann på området, men eg er overraska over at det i så stort omfang skjer smitte frå brukarane til dyra. Det er ikkje så vanleg internasjonalt, så det er nok overraskande for fagmiljøa også, seier Heggem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL