Hopp til innhold

- Mykje enklare utan kjevle

- Goro pyntar opp brødfatet, seier Martinus Peder Haugen.

Martinus Peder Haugen sin goro

KJEVLEFRI GORO: - Mykje enklare enn å kjevle det ut, seier Martinus Peder Haugen.

Foto: Martinus Peder Haugen

Martinus Peder Haugen

JULEBAKAR: - Trikset ligg i oppskrifta, seier Martinus Peder Haugen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Kjevlefri goro er berre vanlege goro som du slepp å kjevle ut. Dermed blir dei mykje enklare å lage, seier Haugen.

Trikset ligg i oppskrifta, fortel bakaren. Dermed auser du den tjukke røra opp i jarnet, og steiker den.

- Mykje lettare enn å kjevle den ut, seier han.

Goroen vil mange ha. Den er både dekorativ på brødfatet, og god på smak, fortel han.

- Dette er eit vanleg kaffebrød, og me bruker det saman med anna kaffemat.

Sjå oppskrifta til høgre i artikkelen eller ved å følgje lenka:

- Tek litt tid å steike

For å få til denne kakesorten må ein følgje oppskrifta nøye, seier Haugen. Under steiking må også jarnet vere godt trykt saman slik at goroen blir tynn og fin.

- Desse tipsa har eg funne ut av sjølv, og det å vere nøyaktig er alltid viktig.

- Goro er veldig enkel å lage, men det tek litt tid å steike.

Sjølv bruker han å lage mange når han fyrst set i gong. Både to og tre jarn tek unna røra etter kvart, fortel han.

- Må smake på

Goroen høyrer med i julestemninga på same måte som andre julekaker, seier han.

- Du må smake på maten, seier han, trass i at det er mykje smør i oppskrifta.

- Det går ikkje an å servere noko du ikkje har smakt på sjølv, smiler han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL