Hopp til innhold

- Månelanding enklare i Fræna

Industrikraft Møre står klare til å overta, dersom regjeringa vil droppe månelandingsplanene på Mongstad.

Video Månelanding Fræna

Eit gasskraftverk i Elnesvågen i Fræna med fullskala reinsing kan verte bygd i løpet av 36 månader til ein brøkdel av prisen på Mongstad.

- Løyser kraftsituasjonen i Midt-Noreg

Månelandingsprosjektet med CO2-rensing på Mongstad har vorte eit milliardsluk og slit med framdrifta.

Alf Reistad

Dagleg leiar i Industrikraft Møre, Alf Reistad, vil løyse kraftsituasjonen i Midt-Noreg med eit gasskraftverk i Elnesvågen.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Det vil koste 25 milliardar kroner og er tidlegast ferdig i 2018.

Ikkje langt unna Ormen Lange-anlegget på Nyhamna, ved Hustadmarmor i Elnesvågen i Fræna, kan ein bygge på jomfrueleg land.

Industrikraft Møre har allereie konsesjon for å bygge eit gasskraftverk og overtek gjerne månelandingsprosjektet til Stoltenberg.

Den norske miljøøkonomieksperten, leiar av lågutslipputvalet, professor Jørgen Randers, har foreslått å skrinlegge CO2-prosjektet på Mongstad og har fått støtte av konserndirektør ved SINTEF, Torstein Haarberg.

- Vi kan slå to fluger i ein smekk. Vi kan få til fullskala rensing, samstundes som vi løyser kraftsituasjonen i Midt-Noreg, seier Alf Reistad, dagleg leiar i Industrikraft Møre.

Med ein tøff vinter kan ein få kraftkrise i Midt-Noreg. Då risikerer ein å måtte starte dei forurensande mobile gasskraftverka, som står i beredskap. Difor er bygging av eit gasskraftverk i Elnesvågen hovudkravet både frå næringsliv, organisasjonar og politikarar i regionen.

Fræna-ordførar Kjell Lode (KrF).

Fræna-ordførar Kjell Lode (KrF).

Foto: Omar Sejnæs / NRK
Bjørn Jacobsen

Bjørn Jacobsen (SV) likar idéen om gasskraftverk i Elnesvågen.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Situasjonen har endra seg og vi treng kraft på Nordvestlandet. Eg trur det kan ligge an til at ein ser situasjonen på ein ny måte, meiner ordførar i Fræna Kjell Lode (KrF).

Medan Aker utviklar sin reinseteknologi på Mongstad, meiner den norske leverandøren av CO2-teknologi, Sargas, at dei allereie har ein teknologi som gjer at dei kan få bygd eit komplett reinseanlegg i Fræna, ferdig oppsett i løpet av tre år, og til ein langt lågare pris enn på Mongstad.


Bjørn Jacobsen (SV) synast det er ein god idé å flytte månelandingsprosjektet til Fræna.

- Det er ikkje berre ein god idé, men det ligg no ein konsesjon og eit løyve til å bygge ut. Vi ventar at olje- og gassindustrien no set i gang med å bygge. Med månelandingsprosjektet til Fræna løyser vi eit miljøproblem, og vi har utvikla teknologi.

Trur ikkje på flytting til Fræna

Politisk redakttør i NRK, Kyrre Nakkim, trur ikkje det er realistisk at dette store prosjektet vert flytta frå Mongstad til Fræna.

- Eg trur ikkje det er særleg realistisk. For det første er det investert så mykje politisk prestisje i dette månelandingsprosjektet på Mongstad. Det er allereie investert store summar der, fleire milliard kroner. Dessutan ville det vore eit komplett nederlag for regjeringa dersom den ikkje fekk gjennomført prosjektet på Mongstad.

Likevel meiner han at kraftmangelen i Midt-Noreg er eit argument som talar for at prosjektet bør flyttast til Fræna, der ein kan byrje på bar bakke.

- Alle logiske argument peikar i den retninga, faktisk. Mongstad er eit milliardsluk fordi ein prøver å bygge på eit etablert anlegg. Det ville ha vore lettare å byggje det i Fræna. Dessutan er det i dette området ein treng krafta. Men det er ikkje alltid politikk er logikk, og det er vanskeleg for regjeringa å gå tilbake på dette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL