Hopp til innhold

- Hødd hadde fortjent å vinne

Aalesund sikra seg vidare avansement i cupen etter ein slitesiger over førstedivisjonslaget Hødd. Aalesund-trenar Kjetil Rekdal seier at Hødd hadde fortent å vinne.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal seier at Hødd hadde fortent å vinne i ordinær tid. Men han er stolt over at Aalesund ikkje gav opp, og han meiner Aalesund var best i ekstraomgangane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Aalesund-trenar Kjetil Rekdal er kritisk til innsatsen frå sine eigne spelarar, og seier at Hødd var det beste laget i store deler av kampen.

– Dette sat langt inne. Hødd hadde fortent å vinne etter 90 minutt. Hødd var betre enn oss i andre omgang. I første omgang var det ganske jamt, seier Kjetil Rekdal.

– Det er godt å ha denne billetten vidare?

– Det er godt at vi ikkje gav opp. Men det var mange ut på her som ikkje var gode nok. Sorry. Skal dei spele i eliteserien må dei prestere betre enn dette. Så enkelt er det, seier Rekdal.

– Var det nokon som spelte som ikkje tok vare på sjansen?

– Eg er mest fornøgd med dei som kom innpå etter kvart. Christian Myklebust og Didrik Fløtre. Dette er unggutar som går i bresjen når vi skal snu kampen, seier Rekdal.

– Angrepstrioen leverte ikkje

Kjetil Rekdal raste av frustrasjon etter kampen. Han var direkte misnøgd med fleire av spelarane, og var ikkje sein om å navngje dei spelarane han var mest misnøgd med.

– Den angrepstrioen vi hadde på banen i første omgang leverer ikkje. Verken Magnus Sylling Olsen, Lars Fuhre eller Kjell Rune Sellin leverer det dei må levere på dette nivået. Dei må opp fleire hakk. Dette er for lite, sorry, seier ein frustrert Kjetil Rekdal.

– Ville vinne

Kjetil Rekdal gjorde nokre bytte, og er rimeleg nøgd med at laget vann til slutt. Han meiner Hødd var best i store deler av kampen, men rosar Aalesund for at dei ikkje gav opp.

– I ekstraomgangane var vi det laget som ville vinne og som vann til slutt, seier Kjetil Rekdal.

– Dette var bittert

For Hødd-leiren var dette eit bittert nederlag. Førstedivisjonslaget spelte ein svært god kamp, og dominerte spelet i store deler av kampen.

– Dette var sjølvsagt bittert. Vi var det beste laget, og var nærare 2-0 enn dei var 1-1. Men målet imot oss kom. Men eg er imponert over korleis Hødd gjekk ut i ekstraomgangane etter denne kalddusjen, seier André Nevstad.

Var det eliteserielaget si rutine som blei utslagsgjevande?

Det er vanskeleg å seie. Ein kan i alle fall sei at Aalesund var effektive. Dei skåra på overtid i ordinær tid og rett før slutt i andre ekstraomgang. Vi var veldig nær og vi gjorde ein veldig god kamp, seier André Nevstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL