Hopp til innhold

Barrantes sikra AaFK-avansement

Michael Barrantes sikra avansement for Aalesund i cupen. Men det sat langt inne. Hødd gjorde ein heroisk innsats, og hadde eliteserielaget lenge i kne.

Hødd-Aafk

Aalesund klarte å hale i land sigeren på Høddvoll. Men Hødd gjorde ein heroisk innsats, og kunne ha avgjort i ordinær tid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Aalesund sikra seg ekstraomgangar etter skåring i siste sekund av ordinær tid. Hødd såg ut til å ha mykje krut i støvlane, og det var langt frå sikkert at Aalesund skulle gå vidare.

Daniel Arnefjord skåra i siste sekund av ordinær tid. Michael Barrantes skåra heilt mot slutten av andre omgang. Desse to skåringane held liv i draumen om eit nytt cupeventyr for Aalesund.

Det såg lenge ut til å gå Hødd sin veg, og at Aalesund kunne sjå langt etter cupsuksessen. På tribunane jubla heimepublikumet for Hødd. Hødd hadde vore aggressive og det såg ut til at Aalesund skulle gå på ein smell.

Men ei Aalesund-skåring ved Daniel Arnefjord i siste sekund førte til ekstraomgangar på Høddvoll.

I dei to ordinære omgangane var Hødd klart best. Det kom som ei stor overrasking at Aalesund skulle klare å utlikne.

Andre ekstraomgang:

  • Andre ekstraomgang er i gang på stillinga 1-1
  • Frispark til Hødd - men Aalesund tek over.
  • Det blir blåst hands på Barrantes
  • NRK's nettsending er no tilbake
  • Aalesund er farleg frampå, men Hødd ryddar opp
  • Okoronkwo hadde ballen i nota - avblåst for offside
  • Hødd rullar opp angrep, men for upresist.
  • Aalesund-innkast langt oppe.
  • Farleg Aalesund-angrep, men ballen gjekk over
  • Hødd-frispark i farleg posisjon.
  • Går i eit Aalesund-hovud til innkast
  • Grytebust set kjapt i gang angrep, men Hødd får frispark.
  • Skummelt skot av Diomande, men Grytebust snappar ballen
  • Barrantes skårar for Aalesund

Første ekstraomgang:

  • Hødd har to cornerar på rad utan resultat.
  • Aalesund kjem med ei farleg kontring - utan resultat.
  • Langt frispark for Aalesund - ballen til utspark.
  • Hødd i angrep - Aalesund klarerar.
  • Nytt fint Hødd-angrep. Får corner.

Sendinga frå Høddvoll har falt ut. Reparasjonsarbeid pågår. Vi ventar på oppdatering. Frå Marienlyst får vi opplyst at det tek eit kvartér før serverane er oppdaterte.

  • Gult kort til Hødds Emil Viddal
  • Første ekstraomgang er over

Hødd gjekk rett i angrep då andre omgang starta, og hadde ei rekkje store sjansar.

I det 50. minuttet skåra Erik Sandal for Hødd. Der og då var det Hødd som var nærast Ullevaal av dei to sunnmørslaga.

Ut over i andre omgang er Hødd stadig frampå med farlege angrep. Aalesund står i fare for å bli sendt ut av cupen slik kampen ser ut no.

Ved eit par høve har imidlertid Aalesund kome godt framover og nesten spelt seg heilt gjennom. Men forsvarsrekka til Hødd har rydda godt opp.

Etter 80 minutt hadde Aalesund ballen i nota, men målet blei anullert.

Ei stund etter var Hødd nær ved å gå opp i 2-0, men ballen hamna rett i klypene til Aalesund-keeperen.

Og det skiftar fort på Høddvoll. Like etter derigjen var det klabb og babb framfor Hødd sitt mål. Men Aalesund risikerer å stå att utan mål i dag.

Aalesund hadde ballen mykje i første omgang , og var aggressive. Men Hødd forsvarte seg godt og har også hatt gode sjansar.

I første omgang hadde kanskje Hødd den aller største sjansen. Men når AaFK kom i angrep såg dei ut som eit farlegare lag enn Hødd.

Det er mykje folk på Høddvoll i kveld, dei offisielle talla fortel at det er 2215 tilskodarar.

Høddvoll

Spelarane studerer matta før kampen startar.

Foto: Arne Flatin / NRK