Hopp til innhold

- Ho har ikkje noko val

Fylkesleiar i Høgre, Helge Orten, seier varaordførar i Aure, Rita Ormbostad (H), må gå ut offentleg å seie seg lei for utsegnene sine på Facebook.

Ordførar i Midsjund, Helge Orten

Helge Orten er leiar i Høgre i Møre og Romsdal

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Etter at Stella Mwangi vann den norske finalen i Melodi Grand Prix, kom varaordførar Rita Ormbostad (H) med krass kritikk mot vinnaren på Facebook.

Les:

- Ho må beklage offentleg

Helge Orten meiner Ormbostad ikkje har noko val.

- Eg synest ho skal ta tak i dette sjølv, og gå ut og beklage offentleg det ho har sagt og gjort. Etter mi meining er det den einaste måten å handtere det på. Ho må beklage overfor den det gjeld, og overfor alle andre som måtte føle seg støytt av dette.

Ifølgje Tidens Krav var varaordføraren i Aure svært aktiv på den sosiale nettstaden Facebook etter MGP-finalen laurdag. Rita Ormbostad seier ho heller vil ha det urnorske enn afrikanske rytmer i den internasjonale finalen. Ho kom også med følgjande uttspel på Facebook-sida si:

«Ska kvæss mæ et spyd å handel bongotrommå t dusseldorf! Muli æ ræse te afrika å sjer d derifrå! Her ska det etast gnu!!!! Ska ta me mæ næste års innslag oppatt tænkt æ...»

- Klønete og uakseptabelt

I ein kommentar til avisa seier Ormbostad at det heile var meint som ein spøk. Orten synest ikkje det var morosamt.

- Eg synast kanskje at ho har formulert seg på ein mildt sagt klønete måte, og eg ser heilt klart at dette kan oppfattast både som støtande og kanskje rasistisk. Dette er uakseptabelt for tillitsvalde i Høgre og for alle andre også, etter mi oppfatning.

Heller ikkje Likestillings- og diskrimineringsombodet har sansen for slik type humor.

Les:

- Kva betyr eit slikt utspel i eit valkampår og like før lokallaga skal sette saman lister for valet?

- Akkurat det får lokallaga sjølve finne ut av, men valår eller ikkje valår, våre tillitsvalde skal ikkje uttale seg på denne måten.