Hopp til innhold

- Gi mæ sama, isbjørna og moskusa!

Varaordføraren i Aure kritiserer den norske Melodi Grand Prix-vinnaren, Stella Mwangi.

Stella Mwangi

Stella Mwangi tok publikum med storm under laurdagens finale i Melodi Grand Prix, og sanka inn over 280 000 stemmer

Foto: Hege Bakken Riise/NRK

«Ska kvæss mæ et spyd å handel bongotrommå t dusseldorf! Muli æ ræse te afrika å sjer d derifrå! Her ska det etast gnu!!!! Ska ta me mæ næste års innslag oppatt tænkt æ...»

Det skreiv den 31 år gamle varaordføraren i Aure, Rita Ormbostad (H), på Facebook-sida si etter laurdagens finale i det norske Melodi Grand-Prix.

- Tanken var ikkje rasistisk

Varaordføraren var slett ikkje fornøgd med at det er "Haba Haba" og Stella Mwangi som vert Noreg sitt bidrag i semifinalen i Melodi Grand Prix i Düsseldorf.

Les:


- Tanken var ikkje rasistisk. Det var ein spøk mellom meg og fleire. Ein spøk som tok litt av, forklarer varaordføraren til avisa Tidens Krav .

I ein diskusjon med vennar på Facebook, kom Ormbostad med kommentarar som kan oppfattast som rasistiske:

"Gi mæ sama, isbjørna og moskusa! Æ syns d e d vi skal sæll, å itj at vi har åpne asylmottak!!!!"

- Eg kan forstå at noko av det eg skreiv vert oppfatta som rasistisk. Det var rett og slett ein spøk, ikkje noko vondt meint med det. Folk er idiotar, uansett farge for meg, altså, uttalar ho til avisa.

- Uansett meiner eg at det urnorske sel meir, og er meir norsk Grand Prix, enn ein song som har afrikanske tendensar. Men det har ikkje noko med rasisme å gjere.

Men Likestillings- og diskrimineringsombodet kjøper ikkje "humoralibiet" til varaordførar Ormbostad.

Les:

Mwangi kom til Noreg som politisk flyktning som fireåring, og vinnarlåta «Haba Haba» er inspirert av bestemora i Kenya.

Les óg:

- Ho må tenke seg om

Video Kort profil av MGP-vinner Stella Mwangi

VIDEO: Sjå kort profil av MGP-vinnar Stella Mwangi

No har fleire av dei tilsette i kommunen reagert på varaordførar Ormbostad sine ytringar, fortel Aure-ordførar Ingunn Golmen (Sp) til Tidens Krav.

- Det er ikkje særleg heldig med tanke på at ho er varaordførar hos oss. Eg ba henne legge ut ei orsaking. Når ein har ein posisjon eller eit verv skal ein tenke seg om, i forhold til kva ein legg ut på sosiale medier. Det kan fort verte oppfatta på ein annan måte. Det er viktig å vere litt føre var.

Det har ikkje lykkast NRK å kome i kontakt med Rita Ormbostad.

Forumet er stengd for kommentarar