Hopp til innhold

- Folk og fe bada i same stamp

- Til jul måtte alle vaskast, både to- og firbeinte, seier konservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet.

Mads Langnes

- VIKTIGAST TIL JUL: Men også til jonsok, bryllaup og liknande måtte det vaskast, seier Mads Langnes.

Foto: Åge André Breivik / NRK

I dag dusjar mange nordmenn kvar dag. Husvasken blir teken med meir eller mindre jamne mellomrom gjennom heile året. Slik har det ikkje alltid vore.

- Før hadde ein det me kan kalle årleg bad, seier konservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet. Han har undersøkt fleire kjelder for å finne ut meir om tradisjonen med julevask.

- Hund og katt til slutt i stampen

- Julaftan starta dei i eldhuset, og koke opp vatn. Så fylte dei det i ein stor stamp, fortel han. Stampen var gjerne den same som dei brukte til å vaske sauer tidlegare på hausten.

- Då bada dei seg etter stand og stilling. Fyrst husfaren og husmora. Så ungane i huset, tenestefolket, og me veit også at hunden og katten enda opp i same stampen til slutt.

Høyr niande episode i adventskalenderen til NRK Møre og Romsdal her:

Huset skulle skine

Men å vaske folk og fe var ikkje nok. Også huset skulle visast frå si beste side i juletida.

- Enkelte kjelder fortel at dei starta ei veke før jul med å rydde og vaske. Andre stader står det at dei starta to-tre dagar før jul, seier Langnes.

- Me veit også at det var kveld og natt som vart brukt til husvask, sidan dagtida var fylt opp av andre gjeremål. Fjøsstell, vasking og rulling av klede, så husvasken var seint på kveld og gjerne på natt, seier konservatoren.

I tillegg til vasking kunne ein også ”kritkrote”. Les om fenomenet i faktaboksen nederst i artikkelen.

- Dei hakka opp einekvistar, og la inn på golvet på julaftan for å få god lukt i heile huset.

Mads Langnes, konservator Romsdalsmuseet

Einekvistar på golvet

Etter at vasken var ferdig gjorde dei forsøk på å få god lukt inn i husa.

- Dei hakka opp einekvistar, og la inn på golvet på julaftan for å få god lukt i heile huset. Det gjorde dei også i grua eller omnen for å få god lukt i heile huset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL