Hopp til innhold

- Fiskeoppdrett ikkje berekraftig

Miljøavdelinga i eit av Noregs største oppdrettsfylke meiner kommersielt fiskeoppdrett ikkje er berekraftig, og seier nei til at næringa får utvide produksjonen.

Oppdrettslaks.
Foto: Terje Marøy / SCANPIX

All røminga av oppdrettslaks viser at kommersielt fiskeoppdrett ikkje er berekraftig, meiner areal og miljøavdelinga i Møre og Romsdal.

Laks rømer

Langs heile norskekysten har det vore tilfelle der store mengder fisk har rømt frå oppdrettsanlegga. Dette har fått avgjerande innverknad på haldninga til areal og miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal fylke.

30.000 laks rømte

40 000 oppdrettlaks rømte

Førelegg for lakserømming

- Så lenge det skjer gong på gong det som ikkje skal skje, nemleg at hundre tusenvis av oppdrettslaks rømer ut i fritt fjordlandskap, så tykkjer vi at dette vitnar om at dette ikkje er ei berekraftig næring, seier rådgjevar ved areal og miljøvernavdelinga, Leif Magnus Sættem.

Villaksen snart saga blott

Leif Magnus Sættem seier at oppdrettsnæringa har stor negativ innverknad på fjordsystema. Innverknaden er så stor at han no fryktar at heile laksestammar skal gå til grunne.

- Næringa legg att så mykje negativt på dei omgjevnadene ho er lokalisert i. Det vi fryktar oppriktig er at dei tilpassa villakssystema som Noreg er velsigna med snart skal vere ein saga blott, seier Sættem.

Fryktar oppdrettshavari

Nye konsesjonar

I eit av dei største oppdrettsfylka i Noreg, Møre og Romsdal, er det den siste tida delt ut 5 nye oppdrettskonsesjonar. I tillegg har mange av dei eksisterande anlegga fått høve til å utvide produksjonen.

- På meg virkar dette feil. Vi bør ha som mål at vi får til forbetringar innan det oppdrettsvolumet som fins i dag. Å utvide i dag, når det viser seg at næringa ikkje kan handtere situasjonen er merkeleg, seier Sættem.

Arbeidsplassar

Oppdrettsnæringa er langt frå samd med Sættem i areal og miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Regiondirektør Jon Arne Grøttum i Fiskeri- og havbruksnæringa meiner byråkratane og må ta omsyn til at laksenæringa gir mange arbeidsplassar til fylket. Han meiner næringa må få utvide produksjonsvolumet. Grøttum synest likeveldet er greit at overvakinga av elvane blir utvida.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL