Hopp til innhold

Førelegg for lakserømming

Misundfisk i Vestnes har vedteke eit førelegg frå Økokrim etter at laks rømte frå anlegget ved Furneset i 2006.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Oppdrettsanlegget ved Furneset

Foto: Villa

Misundfisk, ein del av Villa-konsernet, har fått forelegget på 250 000 kroner fordi 50-100 laks rømte frå oppdrettsanlegget ved Furneset i september 2006.

Kritisk til handteringa av saka

Politiet klarde aldri å bevise at Misundfisk var årsaka til utsleppet av store mengder laks same år.

Men i følgje politiadvokat Tarjei Istad i Økokrim har utsleppet skjedd med forsett.

- Bakgrunnen for dette førelegget på 250.000 kroner er ei røming eller kanskje nærare ei tøming av 50-100 laks i september 2006, då tilsette ved anlegget til Misundfisk på Furneset rett og slett vrengte ei not, sånn at fisk forsvant ut i fjorden, fortel Istad.

Leiinga i Misundfisk peikar på at det som for eit år sidan vart omtala som eit utslepp av ei stor mengde oppdrettslaks, no har kokt ned til eit utslepp av 50-100 laks. Selskapet er kritisk til måten Økokrim og media har handtert saka.

Har kontrollert dagbøker

Istad vedgår at dei ikkje har klart å føre tilstrekkeleg bevis for at Misundfisk er kjelda for det store utsleppet.

- Me har ikkje klart å finne ei lenke direkte til ei røming frå Misundfisk på ei så stor mengde med fisk. Det har også vore gjennomgått dagbøkene dei fører for fisk på anlegget og så vidare, for å sjå om det er avvik som er så tydelege at dei kan leggast som grunn for røming i strafferetten. Dette har ikkje vist seg mogleg, fortel Istad.

- Dette har også selskapet sjølv sett på, og me har kontrollert det og kome fram til at me ikkje kan bevise meir utover ein kvar rimeleg tvil, legg han til.

Ikkje storleiken som er viktigast

250 tusen kroner er førelegget Misundfisk no har vedteke. Men det er ikkje fyrst og fremst storleiken på utslippet som er grunnen til at dette førelegget er gitt.

- Det er særskild desse feilføringane, at ein har flytta fisk frå ei merde til ein annan utan å føre det i driftjournalen når det skjedde. Slik at det har vore vanskelegare å kontrollere i ettertid kva som har skjedd med fisken, enn om ein hadde ført dette på rett tid, seier han.

I tillegg har dei lagt vekt på at selskapet ikkje har varsla Fiskeridirektoratet, og at dei heller ikkje har gjort tiltak for å freiste å fange opp fisken i etterkant, seier Istad.

Konsernsjef Johan E. Andreassen i Villa-konsernet, som eig Misundfisk, vil ikkje kommentere saka til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL