Hopp til innhold

- Får trua på småkraft no

Småkraftprodusentane er i ferd med å få tilbake trua på at styresmaktene vil satse på små kraftverk. Den nye olje- og energiministeren kjem med signal om satsing. Snart dukkar han også opp på årsmøtet til småkraftprodusentane.

Trond Ryslett

Trond Ryslett er leiar i Småkraftforeninga. No har han fått fornya tru på at regjeringa vil satse på småkraftverk.

Foto: NRK

Ola Borten Moe

Olje og energiminister Ola Borten Moe vil satse meir på småkraftverk.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Det er den nye olje- og energiministeren, Ola Borten Moe, småkraftprodusentane no set sin lit til. Han signaliserer at han er positiv til vasskraftutbygging og at han skal legge fra synet sitt på Småkraftdagane 23. mars.

– Eg er svært positiv til vasskraftutbygging. Det er ein stor, viktig ressurs som vi må forvalte rett. Nokre gonger betyr det at vatne må få renne slik det alltid har gjort. Andre gonger betyr det at vatnet må leggast i rør, seier Ola Borten Moe til Teknisk Ukeblad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Gir håp om betre vilkår

Signala frå olje- og energiministeren blir teke som eit svært positivt signal frå dei som arbeider for små kraftverk i norske vassdrag.

Småkraftverk

Slik ser eit småkraftverk ut. Mange slike kan produsere mykje straum, ofte utan store inngrep i naturen.

Foto: Knut Reitan / NRK

– Det er heilt fantastisk at han kjem til årsmøtet vårt for å halde tale. Eg reknar med at han kjem til å legge fram strategien for vidare satsing på fornybar energi. Vi er i ein kritisk situasjon denne våren og her må noko gjerast, seier leiar i Småkrftforeninga, Trond Ryslett.

– For dyrt til havs

Olje- og energiminister Ola Borten Moe er skeptisk til dyre utbyggingar av vindparkar til havs. Dette er noko av bakgrunnen for at småkraftprodusentane reknar med at det kan bli ei styrka satsing på vasskraft.

– Det er ingen vits i å bruke skattemilliardar til å byggje vindfarmar til havs berre for at dei skal ligge til havs, seier Borten Moe til Stavanger Aftenblad.

Småkraftdagane 2011

Småkraftdagane 2011 blir arrangerte på Værnes i Trøndelag 22.-24.mars. Under desse dagane blir det også årsmøte i Småkraftforeninga. Også NVE held eit eige småkraftkurs under arrangementet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL