Hopp til innhold

Slit med straumproduksjonen

Lite nedbør gjer det tøft for småkraftprodusentane på Vestlandet. Og no slit dei med å produsere straum.

Video 45bafc4b-8afd-4b6f-acac-b995942269a0.jpg

Det er mang ein småkraftprodusent på Vestlandet som lengtar etter nedbør i desse dagar.

For med ein tørr og kald vinter i fjor som ser ut til å gjenta seg i år, blir det lite vatn å lage straum av.

– Året har vore ekstremt dårleg. For vår del har det no vore stopp i tre veker. Viss kulden held fram, blir det nok stopp adskilleg lenger, seier småkraftprodusent Gudmund Stadheim i Jølster.

Store tap

Norstrandsvatnet i Lavikdalen

SLIT: Småkraftprodusentane på Vestlandet lir økonomiske tap så lenge det tørre og kalde klimaet hindrar dei i å produsere straum. Her frå Norstrandsvatnet i Høyanger som forsyner Øvre Svultingen kraftverk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Produksjonsstoppen betyr inntektstap i 100.000-kronersklassen for mellom anna Stadheim.

– Det blir jo mykje mindre inntekt. Men det ser ut til at vi skal greie forpliktelsane våre. Det er det viktigaste, seier han.

Uvanleg låg kraftproduksjon

Og Stadheim er ikkje aleine om å merke at lite regn viser att i lommeboka.

Rune Nydal i Småkraftforeninga seier kraftprodukjsonen no er uvanleg låg i forhold til ein vanleg vinter.

– I høve til eit normalår er vi nede på seksti prosent om desember held fram som no, fortel han.

Kva konsekvensar får det?

– Dei prisane som er voldsomt høge no får ein ikkje glede av når ein køyrer produksjon, seier Nydal.

Må bruke straum for å hindre frost

Og kulden og tørken fører med seg fleire problem for småkraftprodusentane.

– Om ein ikkje har produksjon må ein setje varme inn i kraftstasjonen for å halde temperaturen på over frysepunktet. Du må rett og slett bruke straum for å halde deg over null, seier han.

– Blir dette dramatisk for nokon?

– Du kan få anstrengt økonomi ein periode om det er kaldt og tørt. Det er jo nedbør og temperatur som styrer korleis dette blir, fortel Nydal.

Håpar på fuktige dagar

Oddbjørn Dvergsdal har vore med og bygge opp eit nytt kraftverk i Dvergsdalsdalen i Jølster. Men oppstarten vart ikkje som tenkt for dei.

– Det vart noko mindre enn vi rekna med. I år er det ekstremt lite vatn, seier han.

– Så de håpar på regn no då?

– Det er klart at vi håpar på mildver og litt fuktigare forhold, fortel Dvergsdal.