Hopp til innhold

- Endeleg ro i sjela

Harald Aamaas har sikra seg billett til det som blir det største i livet.

Video nsps_upload_2009_10_5_20_20_41_3303.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mange stod i kø heile natta for å få seg billettar

16 timar i kø

Harald Aamaas
Foto: Arild Pettersen / NRK

Harald Aamaas stod i kø i seksten timar for å sikre seg billetten til AaFK sin første cupfinale i fotball. Klokka eitt natt til måndag stilte han seg opp ved klubblokala til Stormen der døra opna klokka 17 om ettermiddagen.

- Men no kan eg legge meg med ro i sjela i kveld og vite at eg får oppleve det største i mitt liv den 8. november, seier han etter at billettane er sikra.

Kunne fylt stadion tre gongar

Kampen stod om 230 billettar som vart lagde ut for sal. Ullevaal stadion tar rundt 25.000 tilskodarar men tre gongar så mange har sett seg på liste for å komme inn. Då gjer det ikkje så mykje for Harald Aamaas og dei andre i køen at dei må stå nokre timar i kø.

Tom Valderhaug

Tom Valderhaug er leiar i Stormen

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Hjertet mitt har nesten ikkje stått stil siste veka, seier Aamaas som har utforska alle moglegheiter for å få seg billettar. Supporterklubbens salg blei dermed einaste løysinga, og den nytta han.

Mange i køen

Seksti -sytti personar stod i køen då salet starta. Leiar for Stormen, Tom Valderhaug synes det var kjempeartig å vere med og sjå så mange interesserte som stilte opp for å sikre seg billetar. Og det trass i at veret langt ifrå var på sitt beste.

I haglbyer for cupfinalebillettar

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL