Hopp til innhold

I haglbyer for cupfinalebillettar

Det var hagl i lufta. Temperaturen var nær 0. Men dei gjorde alt for å sikre seg billettar til cupfinalen. Dei har site ved trappa til supporterbutikken i heile natt.

Harald Aamaas og Bhørn Hellevik
Foto: Olav Arne Nedrelid / NRK

Måndag ettermiddag legg supporterklubben Stormen ut 200 billettar i supporterbutikken i Ålesund.

Naglebit

Det har vore kaldt, det har blese og nedbøren har kome som kvite kuler i stor fart. Likevel har har natta vore fin, seier Harald Aamaas.

- Natta har vore vidunderleg. Det har vore kaldt og det har hagla. Men her har kome hyggelege folk forbi. Når vi då til og med fekk oppattvarma søndagsmiddag på porselensfat midt på natta klokka fire, då kan vi ikkje klage. Då har vi det veldig bra, seier Aamaas.

AaFK møter Molde i finalen

Heile natta

NRK Møre og Romsdal møter dei to i køen,tidleg, tidleg måndags morgon. Då har dei to site timevis for å sikre seg billett. Dei to avviser at dei frys.

- Neidå, neidå, vi må berre kle oss etter forholda, seier Bjørn Hellevik.

Billettar klokka 17.00

Klokka 17 blir billettane klare for sal. Då reknar dei to med at dei har halde ut heilt fram.

- Då får vi forhåpentlegvis billettar. Då SKAL vi ha billettar. Det er jo derfor vi sit her, ler Harald Aamaas. Alle andre måtar å få tak i billettar på er jo rein bingo. Det er loddtrekning, og med den interessa som er i forhold til tilgjengelege billettar, så er det så usikkert så vi tok sjansen på dette, seier Aamaas.

Vil fylle VIP-avdeling

Lukrativ cupfinale

Bestilte flybillett 03.30 i natt

Kaffi og nummerlappar

Måndag formiddag blei det delt ut kaffi til alle i køa. No er også køen organisert, og dei som står i køen har fått tildelt nummerlappar.

- Dette er galskap, seier leiar i supporterklubben Stormen Tom Walderhaug. Eg er mektig imponert og desse som har vore i kø i heile natt fortener verkeleg billettane. Hadde det vore siste utveg, hadde eg nok stilt meg i slik kø eg også, seier han. Aalesund i cupfinale er ein draum som går i oppfylling, seier den stolte leiaren i Stormen.