Hopp til innhold

Makrellfotball to dagar før semien

Under dagens AaFK-trening på Color line stadion kom ein makrell dalande frå oven og landa rett ved det eine målet. Torsdag møter AaFK makrellfotballaget Start til semifinale i cupen.

Video Makrellfotball

Sjå video om makrellen på Color line stadion her.

Gunnar Sørensen

Materialforvaltar for AaFK Gunnar Sørensen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Leif Magne Andreassen

Materialforvaltar Leif Magne Andreassen sto i mål då makrellen landa fem meter unna.

Foto: Arne Flatin / NRK
- Det er eit teikn frå oven, seier materialforvaltar Gunnar Sørensen til NRK.

Om det er eit godt eller dårlig teikn, er uvisst.

LES OGSÅ: RBK knust av "makrellfotball"

Makrellfotball

Det er ulike forklaringar på kvifor Start er blitt kjent for å spele makrellfotball.

  • I makrellsesongen på Sørlandet har Start som tradisjon å levere som best. Derav ombrepet makrellfotball.
  • Ein fotballkommentator på 90-talet sa at Start angreip som ein makrellstim. Dei kjem mange, og er umulege å halde styr på for motstandarane.

Landa 5 meter frå målvakta

Måsen som flaug over Color line stadion tysdag føremiddag klarte i alle fall ikkje å halde på middagen.

Makrellen han hadde i nebbet landa dermed pladask ved materialforvaltar Leif Magne Andreassen som sto i målet under treninga.

Han skvatt skikkeleg då makrellen landa fem meter unna.

Makrellen på stadion i Ålesund

Makrellen landa rett ved eine målet på Color line stadion i Ålesund.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL