Slik gjør du
Mal kjøtet kvar for seg ein gong, på ei fire millimeter holskive. Elt grundig inn saltet, til ein kjenner at kjøtstrukturen ”slepper”, altså blir smidig og noke seig. Bland inn krydderet og spe med det ein ynskjer. Ein kan gjerne spe med berre kraft, då vil pølsa bli magrare, og ein må eventuelt bruke meir feite i deigen. Bland svært godt saman ved å bruke hendene.
Deigen delast i fire like store bitar og ein tilset smakar.
Del ein av grunndeigen, der ein set til heilmjølk, kan gjerne røykast.
Del to krydra rein med 2 finhakka chili og 1 fersk, finhakka fennikel.
Del tre krydra rein med 1 stor bunt hakka, fersk persille og ½ potte med fersk rosmarin, set også til heilmjølk.
Del fire krydra rein med 3 pakker karve, set også til heilmjølk.
Tips
Paprika- og chilipølse
3 kg grunndeig
2 kinesiske kvitlauk
20 g vanleg paprikapulver
1 ss sterkt paprikapulver
1 ts sterkt chilipulver
Framgangsmåten er den same som i oppskrifta over denne, men det må seiast at denne oppskrifta vil resultere i ein rå smaksoppleving!