Hopp til innhold

Uønskt besøk av grevling og rev? Her er tipsa du treng!

Chili, tiss, sølvpapir, radio og hår frå menneske. Dette er noko av det som kan halde ville dyr vekk frå hagen. Og reven unna trampolinen.

Rev på trampolina på Malmøya

Reven likar å leike, og finn på mykje rart. Her kosar han seg på ein trampoline på Malmøya i Oslo.

Foto: Morten Lunde

Søppeldunken er velta og plenen er plutseleg full av stygge hol. Du har truleg hatt besøk av ei firbeint panservogn i pels, grevlingen.

– Ville dyr trivst i urbane strøk også, det er ikkje uvanleg, seier Tea Turtumøygard. Ho er naturforvaltar i Oslo kommune, og kvar dag ringer det folk som ønsker hjelp.

Dei fleste klagar på grevling og måker, fortel Turtumøygard. Og mange lurer på om det er noko gale når dei ser raudreven leike på trampolinen og rådyret forsyner seg i blomsterbedet.

Men dei fleste ville dyr som trekkjer mot by og folk har eit naturleg ærend: mat.

Her har vi samla nokre råd til deg som både vil vere ein god dyreven og herre i eigen hage.

1. Grevlingen likar ikkje lys

Det beste grevlingen kan ete er oldenborrlarver. Når han grev i hagen din er den på jakt etter desse godbitane.

Grevling i Oslo

Grevlingen er nesten blind og dermed ingen god jeger. Han et det han kjem over: daude fuglar og mus, gamal frukt, biller, larver og meitemark.

Foto: NRK

– Grevlingen er ikkje farleg for menneske. Det er ein myte at han bit til det knasar, seier naturforvaltar og biolog Tea Turtumøygard.

Det finst fleire tips til kva hageeigarar som ikkje ønsker grevling kan gjere:

  • Gi graset i hagen mykje vatn siste del av juni. Oldenborren legg larver rundt St. Hans, men dei liker ikkje at det er vått. Vatnar du mykje kan du hindre at grevlingen finn favorittmaten sin.
  • Grevlingen lagar seg ofte hi under mørke terrassar eller på gjengrodde stader. Gjer du det lyst og ope, vil han ikkje trivast.
  • Lyd av menneske er heller ikkje noko for ein grevling. Ein radio med prat og musikk kan difor gjere god nytte.
  • Sterk lukt, som salmiakk og chili, kan skremme grevling unna.
  • Eit gamalt kjerringråd: Tiss ute. Lukta av urin er ikkje populær hos grevlingen.
  • Gjer tilgang til mat vanskeleg. Tett søppeldunken og fjern frukt som har falle på bakken.
  • Det finst ein overraskande fordel med å ha grevling i hagen: Han et brunsnegler med stor appetitt!

2. Måker er redde for ugle

Måker

For nokon kan måker bli så plagsame at det går ut over livskvaliteten.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Folk græt fordi dei er så fortvila, seier teknisk sjef Arne Nese i skadedyrselskapet Rentokil.

Nesten dagleg blir han kontakta av folk som treng råd og hjelp med fugl.

For måker bråkar. Når dei blir mange hundre, kan dei øydeleggje nattesøvnen til folk. I tillegg kan fugleskit gjere skade på bygg og ha med seg bakteriar.

Om fuglane har bygd seg reir og har ungar, vil dei ofte angripe «uvedkommande» som kjem i nærleiken.

– Nokre føler seg fordrivne frå eige hus og hage, og dei er redde, seier Nese.

Men det finst råd:

  • Fjern kvistar på taket som fuglane samlar for å byggje reir. Dette må gjerast før hekketida. Måker hekkar om våren og tidleg på sommaren.
  • Søppeldunken må vere tett. Ikkje la matrestar og avfall liggje ute.
  • Svarte drakar i plast som du set fast på taket, kan skremme fuglane og hindre bygging av reir.
  • Måker liker ikkje å bli glodde på. Ein stirande uglestatue kan verke skremmande.
  • Fysiske hindringar, som piggar og fiskesnøre kan stoppe fuglar frå å slå seg til.
  • Ei straumlist på taket gjer det mindre freistande for måkene å sette seg. Dei får eit lett støyt, men utan å bli skada.
  • Når måkene angrip: Hald noko høgt over hovudet, ein paraply eller eit kosteskaft. Fuglen vil stupe mot det høgaste punktet, ikkje deg.

3. Reven skal ikkje ha pølse

Slik som i eventyra, er reven temmeleg lur og alltid litt svolten. Dei siste åra har Oslo kommune fått mange førespurnader om rev som er nærgåande og plagsam. Rev som stel tøflar, hagereiskapar og går inn i husa til folk.

Reveunger leker i hagen på Malmøya.

Revungar leiker seg med ei blomsterkorg på Malmøya i Oslo

Foto: Morten Lunde

– Sjølv om revar er søte, nysgjerrige og viser seg i hagen, skal vi ikkje mate dei. Da kan dei bli for tamme og miste si naturlege framferd, seier naturforvaltar Tea Turtumøygard.

I vår måtte Oslo kommune avlive ein rev på Bygdøy som drap ein liten hund. Han oppførte seg skremmande mot både folk og kjæledyr. Truleg var årsaka langvarig mating.

  • Ikkje set ut mat til reven eller gi den ein pølsebit frå grillen. Han skal finne sin eigen mat.
  • Der det luktar høne kjem det garantert ein rev. Høner og kaninar i hagen må du sikre svært godt med netting som du grev djupt ned i jorda.
  • Rev er sjeldan farleg for menneske eller kjæledyr. Vil du vere heilt sikker, la små hundar vere under oppsyn ute.
  • Sjølv om det er freistande å gå nærare, hald deg til å beundre reven på avstand. Ikkje ta kontakt eller prøv å lokke han til deg med ein godbit.
  • Har du nærgåande og halvtam rev i nærleiken, pass på sko, mobil og hanskar. Reven elskar å stikke av med ting han finn.

4. Rådyr vert skremde av chili og hår

Er det lite mat å finne i skogen, kjem rådyra i hagen. Der kan dei ha eit festmåltid med knoppar, krokus, stemorsblomstrar og tulipan.

Rådyr

Rådyra kjem til hagar og parkar for å finne mat. Dei elskar tulipanar.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix

– Eg trur ikkje nokon er redde for rådyr, men dyret fryktar oss, menneska, seier Arne Nese i Rentokil. Han har ofte rådyr på besøk i eigen hage og oppmodar folk til å ha hundane sine i band.

Eit rådyr som vert skremt kan sprengje seg, altså springe til det døyr av utmatting. Eller endar som trafikkoffer.

Så korleis jagar ein vekk eit rådyr, utan å skremme?

Naturhistorisk Museum har laga ei oversikt over planter rådyr ikkje liker:

  • Plant for eksempel ringblomstrar, valmue, syrin, lavendel og clematis.
  • Plant gule tulipanar. Det er ikkje vitskapeleg bevist, men mange rådyr lar vere å ete gule blomstrar.
  • Sterke lukt og smak er heller ikkje populært hos rådyr. Chili, pepar og blodmjøl kan prøvast ut.
  • Ta hår frå hårbørsten din og legg i bedet. Rådyr likar ikkje lukta av menneske.
  • Strimlar av sølvpapir, samt nett over busker og bedd held også rådyret unna.
  • Ikkje mat rådyr, om du ikkje ønsker at dei skal kome tilbake.

5. Tre råd til ettertanke

Det er sjølvsagt irriterande med hol i grøn plen eller oppetne tulipanar. Likevel set mange pris på å sjå og oppleve ville dyr på nært hald.

I hovudstadens skogar finst også ulv, gaupe, jerv og elg.

Tea Turtumøygard i Oslo Kommune

– På konferansar i Europa vert kollegaer litt misunnelege når dei høyrer kor mange ville dyr som finst i Oslo, seier Tea Turtumøygard i Oslo kommune.

Foto: Patrick da Silva Saether

Og kikar du opp på rådhuset midt i Oslo sentrum, kan du vere heldig og sjå ein vandrefalk – ein av verdas raskaste rovfuglar. Han stuper mot byttet nede på bakken i 300 kilometer i timen.

Naturforvaltar Tea og skadedyrbekjempar Arne har tre råd til deg som vil vere ein dyreven:

  • Set pris på at det finns mange ville dyr tett på oss, vi er heldige i Noreg.
  • Hugs at dyra var her fyrst, det er ofte vi menneske som har teke oss til rette i naturen.
  • Kan du leve side om side med dyra, utan å jage eller plage dei, er det det beste.
Rev i London

Storby-rev. London er kjend for å ha mange revar i byen. Dei lev av junkfood og matavfall.

Foto: Matt Dunham / AP

Kjelder: Naturhistorisk Museum og Oslo Kommune.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)