Testen er gjennomført i samarbeid med bladet Villmarksliv, og er ein av dei større testane som er gjort på kano. I følgje vår ekspert Lars Fossum, er bruksområdet det viktigaste du må tenke på når du vel kano.
Ofte er det stor skilnad både på vekt og storleik. Dette er viktig å ta hensyn til om du skal ha ein familiekano ved hytta, eller ein kano du også skal flytte mykje på.
I tillegg er det viktig å tenke på om dette er ein kano heile familien skal på tur med, eller om den kun skal brukast av ein person.
Ingen klar vinnar
I testen er det ikkje gitt ein klar vinnar. Det er derimot vurdert ut frå kriteria om vekt, stødigheit og i klassen beste allrounder.
Sportspal 14 kåres som testens mest stødige kano, Ally 16,5 DR som den lettaste å bere mens Prospector 16PE er testens beste allroundkano. Pris for alle tre er rett under 13.000 kroner.
Du kan også sjå reportasjen her, med gode råd frå vår ekspert Lars Fossum i selskapet
.