Hopp til innhold

Slik får du puppane til å sjå fine ut

Vi damer går gjerne i årevis med bh-ar som ikkje passar oss. Sjansen for at du går med feil storleik er relativt stor. Her får du hjelp til å finne rett bh.

Video BH-070312-WEB

SJÅ VIDEO: Desse tre gikk med feil bh. – Når ein ser rundt seg så er det jo ein del dobbeltpuppar, ler Grete. Samen med sine to venninner Mari og Hege fikk ho hjelp til å teste sin bh-storleik.

– Vi tenkjer sikkert at ein bh gjerne er ubehageleg, at det skal stikke litt her og skli ned litt der, ler Grete.

Saman med sine to venninner har ho nyleg oppdaga at ho alltid har gått med feil bh-storleik.

Marith Holmgren Sander har hjulpe kvinner med å finne rett bh i 17 år. Ho meiner om lag halvparten av kvinnene som kjem innom butikken der ho jobbar går med feil storleik.

– Mange som kjem inn og ber om ein bestemt storleik oppdagar at dei skal ha ein heilt annan. Når dei får den rette storleiken blir det fort ein merkbar forskjell, seier ho til NRK.

Marith Holmgren Sander

Marith Holmgren Sander ved butikken Det lille under i Oslo, hjelper deg å finne rett bh.

Foto: Gard Brox Jensen / NRK

Dette er tre vanlege bh-problem:

  • Puppen ramlar ut

Mari følte sin favoritt-bh satt godt på. Men likevel ramla puppane nokon gongar ut når ho knytte skolisser.

– Når puppen ramlar ut, er det fordi ein har for liten cupstorleik. Det er eit typisk problem at kvinner går med for stor omkrets og for liten cupstorleik, seier bh-ekspert Marith Holmgren Sander.

– Når eg fikk prøve ein bh i rett storleik, kjente eg jo med ein gong at den var betre enn den eg har gått rundt med og tenkt var rett, seier Mari. Som før brukte storleik 80B og no brukar 75D.

  • Stroppar som ramlar ned

Grete hadde problem med at stroppane alltid ramla ned.

Stroppar som ramlar ned kjem ofte av at ein har for vidt liv, slik at bh-stroppane kjem for langt ut på skuldrene, forklarar Marith.

Grete gikk med 80 rundt livet når ho eigentleg skulle ha 75.

– Still inn stroppane riktig. Bh-en skal sitje vassrett på ryggen, og stroppane skal stillast inn slik at du skal kunne ha ein peikefinger under kvar stropp, seier Marith.

  • Spilar som vrir seg

Hege forsøkte lenge å gå med spile-bh, men gav til slutt opp fordi spilane alltid var vonde.

– Eg gikk berre med sportstopp, og det såg jo ikkje bra ut, seier Hege.

Marith forklarar at årsaka til at spilar skapar ubehag heng saman med at mange rimelege spilar ikkje tåler belastning, og vrir seg.

– Om du har problem med spilar, bør du investere i ein bh som har ein kvalitet der spilane er designa til å tåle belastning, seier Marith. Ho legg til at det også her er viktig å måle omkrets, og velje ein cup som er stor nok og som gir god støtte.

Slik måler du

Målebandet lyg ikkje. Men når det kjem til cupstorleik er det forskjell på ulike merke. Ein må nesten prøve seg fram.

Det er typisk at ein veljar for vide bh-ar med for liten cupstorleik. Når du måler skal du halde målebandet stramt og vassrett under brystet.

Cupen skal vere stor nok til å gi deg god nok støtte så puppen ikkje ramlar ut.

Sjå korleis du målar i videoen øvst i saka.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)