Sju tips for betre økonomi i 2019

– Om ein har god kontroll på økonomien, unngår ein overraskingar, seier forbrukarøkonom. Her er tipsa for korleis ein kan betre økonomien det komande året.

Penger

Det er lettare å kutte i forbruket om ein klarer å skaffe seg oversikt over kva pengane går til. Illustrasjonsfoto.

Foto: Karoline Berge Hammersmark / NRK

– Den gylne regel for å ha styr på økonomien er at ein passar på å bruke mindre enn det ein får inn på konto, seier forbrukarøkonom i Sparebank 1, Magne Gundersen.

Det er ikkje berre dei som har store kredittlån som følgje av julefeiringa som kan ha godt av å gå gjennom økonomien på nyåret.

– Dei ekstra pengane ein sparar, kan ein bruke på ferie, støtte organisasjonar, eller spare til bustad, fortel Elin Reitan, forbrukarøkonom i Nordea.

Her er råda som kan hjelpe økonomien i 2019:

1. Finn ut kvar pengane tar vegen

Finansportalen

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

– Det er først når ein ser kor mange tusen kroner ein kan spare på å til dømes ta med seg matpakke på jobb i staden for å handle i kantina, at ein får motivasjon til å endre vanane sine, seier Silje Sandmæl, forbrukarøkonom i DNB.

Ein kan få oversikt ved å dele opp forbruket i ulike kategoriar. Dette er ein funksjon mange nettbankar tilbyr.

– Då får ein eit godt visuelt bilete på kva ein eigentleg brukar pengar på, og ein får vite kvar det er mest å spare inn. Ein kan få seg eit par «aha»-opplevingar, fortel Nordea-økonomen Reitan.

Har du pådrege deg kreditt- eller forbrukslån i desember, gjeld det å få oversikt over kor mykje ein skuldar.

– Om ein slit med å betale tilbake, gjeld det å vite kven som er kreditor og ta kontakt for å finne ei løysing. Då er det godt å ha førebudd seg i framkant, ved å gå gjennom forbruket og vite kvar ein kan frigjere midlar til å betale ned gjelda, fortel Reitan.

2. Jobb meir – eller få ei skattefri inntekt

– Høyr med arbeidsgjevar om det er mogleg å jobbe litt ekstra om ein treng litt raske pengar. Ein kan tene opp til 6.000 kroner skattefritt på småjobbar. Det kan vere å sitte barnevakt eller måke snø for naboen, fortel Sandmæl.

Føresetnaden er at ein ikkje kan utføre arbeid innan eit felt ein sjølv driv næring, og at arbeidet er knytt til heim eller fritidsbustad til oppdragsgjevar.

Ein kan òg leige ut ting skattefritt.

– Har du ei hytte, ein snøfresar eller ein bil, kan ein leige det ut for 10.000 kroner skattefritt. Ein kan òg leige ut eit rom heilt skattefritt – eller heile huset opp til 20.000 kroner, seier forbrukarøkonomen.

– Viss du leiger ut eit rom der utleigeprisen er lågare enn for bustaden du sjølv bur i, er det skattefritt, legg Sandmæl til.

3. Planlegg handleturen

Handlevogn

Illustrasjonsfoto.

Foto: Karoline Berge Hammersmark / NRK

– Ein typisk post det går an å spare mykje på, er matbudsjettet. Det er for mange unødvendig stort, fordi at ein ikkje planlegg matinnkjøpa. Det gjer at vi til dømes kjøper ting ein alt har heime, seier Reitan.

Vi kastar store delar av lønna vår rett i søpla. I snitt kastar kvar hushaldning 50 kilo mat i året.

– Bruk det eg kallar «bestemormetoden». Lukt og smak på maten før ein kastar den. Best før-datoen er berre ein indikasjon, seier ho.

– Om ein planlegg handleturane, så kastar ein ikkje like mykje mat. Ikkje ver redd for å ha restemiddag – det kan jo bli reine buffeen, fortel Gundersen.

4. Sel og kjøp brukt

Klesstativ

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

Treng du meir pengar enn du klarer å kutte i forbruket, er éin moglegheit å selje unna noko av det du har i skuffer og skap.

– Det å selje ting er ein undervurdert måte å få inn pengar på. Ein tenkjer gjerne at ein ikkje kjem til å få så mykje for det ein sel. Men mange av dei eg sjølv har hjelpt har fått inn mange tusen kroner. Andre kan sjå ein verdi i ting ein sjølv ikkje ser verdi i, seier Sandmæl.

Det kan vere ekstra lurt om ein har born som fort veks ut av gamle kle og sko.

– Då held ting berre i eitt eller to år før dei har vekse ut av det. Ein kan like gjerne kjøpe brukt, til halve prisen. Samstundes kan ein selje det utstyret som har blitt for lite og få inn pengar, seier Gundersen.

5. Ta høgde for renteauke og høge straumprisar

– Ein ting som er viktig for neste år er at ein må rekne med at rentene går opp, fortel Gundersen.

Noregs Bank har varsla at det mest sannsynleg vil kome renteauke i mars.

– Truleg kjem det fleire renteaukar i løpet av 2019. Om den aukar med eit kvart prosentpoeng kvar gang, vil mest sannsynleg bankane følgje opp med like mykje. Det er noko ein må ta høgde for, sjølv om det kan vere variasjonar alt etter kva type lån ein har, seier økonomieksperten.

Ifølgje Gundersen vil det seie at om ein til dømes har ein million kroner i gjeld, og renta aukar med eit kvart prosentpoeng, vil ein måtte betale 2.500 kr meir i renter.

Ein må òg belage seg på å betale meir i straum denne vinteren.

– Straumprisane er høge no, noko som kjem til å vare. Ein vil merke det ut over vinteren, at rekninga blir ganske mykje høgre enn førre vinter, fortel Sparebank1-økonomen.

6. Gå gjennom faste avtaler og utgifter

Strøymetenester

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

Ein post det kan vere pengar å hente over tid, er dei faste utgiftene som renter på bustadlån, straum, mobilabonnement og forsikring.

– Mitt råd er å gå gjennom renta på bustadlånet, straum og mobilabonnement fire gonger i året, og forsikring ein gong i året, fortel Reitan.

Om ein finn ein bank som har lågare rente på bustadlånet enn det ein alt har, er det mogleg å gå til banken og be dei om å matche renta.

Det kan òg vere lurt å gå gjennom abonnement på tenester ein har, som ofte trekk ein fast sum frå kontoen i månaden.

– Mange har abonnement på fleire strøymetenester, som HBO, Netflix og Spotify. Sjekk om det er nokre du kan klare å leve utan. Sjølv om det ikkje er veldig store beløp, blir det fort pengar av det til saman, fortel ho.

7. Prioriter å betale ned på kredittkortet

Mastercard

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oline Nave / NRK

– Vi veit at det er ganske mange som feirar jula på kreditt. Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å i alle fall raskare frigjere pengar til å betale tilbake, fortel Reitan.

Reitan seier at det er viktig å prioritere å betale ned kredittkortlån og forbrukslån raskt.

– Om ein har handla på kreditt for 10.000 kroner og berre betalar minimumsbeløpa, vil det ta over fem år å betale det ned. Då har ein òg betalt 70 prosent meir enn det du lånte i utgangspunktet. Ikkje fall for freistinga – bli kvitt gjelda som fort som mogleg, fortel økonomen.

TV og radio

Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Norsk dokumentarserie. I tre månender har de 8 ungdommene hatt samtaleterapi med psykolog Peder Kjøs, og sammen har de funnet veier for å endre livene sine. Psykolog Peder Kjøs og gruppa trener Trine i å tørre å være seg selv. Malin gjør store fremskritt, og Kira med ME kjenner energien komme litt tilbake. Fredrik kommer frem til en løsning han vil prøve på. (8:8)