Hopp til innhold

Seks hobbyar som trimmar hjernen

Å høyre på yndlingssongen, teikne ei rask skisse eller gå ein tur er meir enn å slå i hel tid. Her er seks hobbyar som er bra for deg.

Føler du deg unyttig når du set deg til med strikketøyet mens du høyrer på musikk du aldri blir lei? Eller synest du spaserturen er bortkasta om du ikkje samtidig oppdaterer deg på siste nytt med ein podkast på øyret?

Då er det på tide å tenke annleis. Fleire fritidsaktivitetar kan vere sunnare for deg enn du er klar over.

1. Få ein yngre hjerne med musikk

Gitar

IKKJE BERRE FOR Å IMPONERE: Det er fleire gode grunnar til å drive med musikk, til dømes å halde hjernesjukdom på avstand.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Om du utøver eller lyttar til musikk du liker, er det bra for hjernen din. Nesten alle delar av han blir aktivert, fortel hjerneforskar Geir Olve Skeie.

Saman med kollega Are Brean har han skrive boka Musikk og hjernen: om musikkens magiske kraft og fantastiske virkning på hjernen.

– Viss du høyrer på musikk du liker, har det same effekt på humøret som om du et god mat, har sex eller tek kokain, seier han.

Amatørmusikarar merkar seg ut ved å ha ein yngre hjerne enn den biologiske alderen skulle tilseie, samanlikna med andre. Aldringa av hjernen går rett og slett saktare.

Det betyr betre konsentrasjon og merksemd i ein større del av livet enn ein elles kunne vente.

Ein svensk studie samanlikna tvillingar. Den viste at dersom éin tvilling dreiv med musikk i form av song eller dans, og den andre ikkje gjorde det, ville den som ikkje dreiv med musikk ha større risiko for å utvikle demens.

Å ha musikkopplæring som ung kan også gi deg betre evne enn andre til å fokusere, til dømes ved å skilje ut ei stemme frå ei menneskemengd.

Og fleire studiar tyder på at å høyre på musikk etter at ein har hatt eit slag, kan vere betre for hjernen enn å lytte til lydbok.

Det er altså ingen grunn til å la vere å høyre på favorittsongen din éin gong til!

2. Få god orienteringsevne med dataspel

Far og sønn spiller dataspill

UTSKJELT SPELSJANGER KAN UTVIKLE HJERNEN: Sjølv om mange er skeptiske til skytespel, kan slike spel brukast til å øve opp evna til å reagere raskt.

Foto: Alexander Fredriksen / NRK

Mange foreldre bekymrar seg for barn som bruker mykje tid på dataspel. Kanskje får du sjølv dårleg samvit etter å ha sete framfor skjermen med eit spel?

Men speling, eller gaming, kan vere nyttig for å trene opp evna til å orientere seg i eit nytt rom eller landskap.

– Ein lærer seg å finne og fokusere på informasjon som er relevant fort. Likeins filtrerer ein bort informasjon som ikkje er relevant, seier Rune Mentzoni.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi på Universitetet i Bergen.

Han seier det er spela foreldre ofte liker minst som funkar best til dette, nemleg skytespel der du ser ut av auga til figuren du styrer. Desse krev rask reaksjonsevne i uføreseielege, tredimensjonale omgivnader.

Men spel kan òg vere ein fin arena for å betre språkkunnskapane, meiner Mentzoni.

Han trekker fram sine eigne barn som døme på korleis spel kan motivere til å lære engelsk. Dei brukte mykje tid på spelet Minecraft, der ein kan bygge konstruksjonar frå botnen av med ulike material.

– Dei fekk veldig godt ordforråd for reiskapar, metall og mineral, ler han.

Mentzoni meiner spel skil seg ut som fritidsaktivitet på den måten at dei gjerne er gode til å motivere spelaren til å anstrenge seg over tid for å løyse eit problem.

Han samanliknar med strikking, som mor hans driv mykje med.

– Ho synest det er kjekt, og ho lagar ting. Men ho kan det såpass godt at ein kan ikkje vente at hjernen utviklar seg så veldig av det, seier han.

3. Stress ned med strikking

Strikketøy - nærbilde

TERAPEUTISK HANDARBEID: Strikking kan gjere deg rolegare, men også trimme hjernen om du vel litt vanskelege strikkeprosjekt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

For den som kan det, er det å strikke ikkje nødvendigvis ei øving i å løyse problem.

Men liker ein å strikke, kan det vere avslappande og avstressande, seier Anne Rita Øksengård. Ho er forskingssjef ved Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Ein amerikansk studie frå 2009 gjort på kvinner med anoreksi, viste at fleirtalet kjende seg mindre engstelege når dei strikka. Ei undersøking gjort ved Gøteborgs universitet i fjor viste at strikking er éin av fleire typar handarbeid som kan bidra til å bremse utvikling av demens.

Det er likevel den litt meir utfordrande strikkinga som er mest effektiv om ein vil gjere hjernen meir robust ved begynnande demens.

– Det må vere ei oppgåve som er krevjande, men innanfor det ein synest ein kan meistre om ein anstrenger seg litt, seier Øksengård.

4. Bli ein kreativ problemløysar med teikning

Portrettegning

EI RASK SKISSE: Du bruker ulike delar av hjernen når du skisserer og analyserer i teikneprosessen.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Kanskje slutta du som mange andre å teikne då du nærma deg puberteten? Du er i så fall ikkje aleine.

– Teiknekrisa kjem gjerne i ni-tiårsalderen. Ein begynner å lytte til den indre kritikaren som seier at teikninga ikkje liknar på det ein ser, seier Ingeborg Stana.

Ho er kunstnar og professor i visuelle fag ved Oslo met.

Det er mange gode grunnar til å ta blyanten fatt igjen. Stana trekker fram ei undersøking av kva som skjer i hjernen når ein er kreativ, gjort ved Stanford-universitetet i USA.

Undersøkinga viste at ein bruker ulike delar av hjernen i ulike ledd av teikneprosessen.

Éin del av hjernen blir aktivert i starten, når ein bruker raske rørsler og ikkje let seg hemme av kritikk. Når ein så analyserer og rettar på teikninga for å gjere den meir naturalistisk, bruker ein andre delar av hjernen.

– Det å skru av og på forskjellige delar av hjernen er verdifullt for å få til å løyse problem. Ein kan bli meir kreativ også på andre område i livet, fortel Stana.

Ho oppfordrar dessutan foreldre til å la barn teikne sjølvportrett med jamne mellomrom.

– Det er ei fin øving i å forstå seg sjølv og reflektere rundt kven ein er, meiner ho.

5. Gløym deg sjølv med hagearbeid

Per Anders Volden steller rosene sine der sneglene vanligvis vandrer

RO NED I HAGEN: Å stelle med roser og andre planter kan gi fokus på noko anna enn deg sjølv.

Foto: Bjørn Torleiv Wahl / NRK

Er du så heldig å ha ein hage, har du ei kjelde til både sunn fysisk aktivitet og sinnsro.

Å stelle i hagen er å vere i ein skapingsprosess der ein stadig flyttar på ting og vel farge og høgd på plantene, meiner psykolog og advokat Grethe Nordhelle.

– Ein får eit heilt anna tempo. Ein gløymer seg sjølv og blir berre med, utan tanke på tid og stad, seier ho.

Nordhelle har skrive bøker både om konflikthandtering mellom menneske og om det ho kallar hagepsykologi.

Men har du ikkje hage, er sjansen stor for at du ikkje er lengre unna naturopplevingar enn ein tur med buss eller tog. Nordhelle meiner berre det å vere i naturen gjer oss rolegare.

– Plantene er ikkje krevjande å vere saman med. Dei er harmoniske, på den måten at ein løvetann ikkje drøymer om å vere ei lilje, slik me menneske gjerne ønsker oss eit anna liv. I staden for å godta vår sanne natur, planlegg me kven me vil vere, seier ho.

6. Førebygg demens og depresjon med trening

Jogging

MED ELLER UTAN JOGGESKO: Det viktigaste for å få ein helsegevinst av fysisk trening, er at du finn ein aktivitet du greier å gjere til ein vane.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Er du først ute, kan det vere greitt å vite at éin gåtur på 45 minutt om dagen kan betre kondisjonen så mykje at du nær halverer risikoen for å utvikle demens i løpet av livet.

Det fortel lege og hjerneforskar Ole Petter Hjelle.

– Så godt som alle hjernens strukturar og funksjonar blir styrkte når me trenar. Me blir meir merksame, hugsar betre, blir meir kreative og taklar stress betre, seier han.

Trening kan brukast både førebyggande og som behandling av demens og lett til moderat depresjon. Det reduserer også risikoen for hjerneslag.

Hjelle meiner den beste fysiske aktiviteten for din hjerne er den du liker og greier å halde fast ved.

– Turgåing er ein aktivitet som passar dei fleste, men ikkje nødvendigvis alle. Du kan like gjerne sykle, springe, padle, gå på ski eller danse. Valet er ditt.

Han vil likevel kome med ei konkret anbefaling.

– Klarer du å mosjonere tretti minutt tre gonger i veka, slik at du blir litt sveitt og andpusten, vil du hente ut mesteparten av dei potensielle helsegevinstane ved fysisk aktivitet, seier Hjelle.

Anbefalt lesestoff:

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)