Hopp til innhold

Reduser straumrekninga på 1-2-3

I kalde Norge fyrer vi for millionar av kroner, men mange eldre bustader er så dårleg isolert at det blir som å fyre for kråkene. Sjå korleis du raskt kan redusere straumrekninga di.

Strømregning

Små grep kan raskt redusere straumrekninga di til vinteren.

Foto: Colourbox (illustrasjonsfoto) / NRK (montasje)

– Å gjere eit hus tettare gir betre bukomfort, er bra for miljøet og det gir lågare straumrekning. I tillegg aukar det verdien på bustaden, fortel Roar Hugnes som er seniorrådgjevar i Enova.

Roar Hugnes

Roar Hugnes meiner enkle grep skal til for å gjere bukomforten i eldre hus betre.

Foto: Privat

– Det er ofte dyrt og eit omfattande arbeid som må til for at eit gamal hus skal bli tett, men det finst også små enkle grep som gir stort utslag på straumrekninga, seier Hugnes

I løpet av 1960 og fram til 1980-åra vart det bygd om lag 600.000 bustader her i landet. Medan ein i dag krev 25 centimeter isolasjon i veggane – var det den gong eit krav på berre ti centimeter isolasjon.

Hugnes fortel at om desse husa skal bli skikkeleg tette må du skifte vindauge, ta av kledning og fylle på med ny og tjukkare isolasjon.

– Vi snakkar då om eit omfattande arbeid som fort kostar fleire hundre tusen kroner. Det er klart at ikkje alle har råd til dette når dei nettopp har kjøpt seg eit nytt hus. Men det finst difor nokon akkutte tiltak som er lettare å iverksetje.

LES OGSÅ: Skift vindauge - spar tusenlappar

Her er Enova sine tips:

  • Gamle vindauge er det som lek mest varme. Om du ikkje har råd til å skifte heile vindauget – skift gamal gummi. Opplever du framleis kald trekk - ta vekk lister og vindsperre rundt vindauget og fyll på med papp og ny isolering.
  • Gamle loftsluke frå dårleg isolerte loft er ein varmeslukar. Skift ut den gamle loftsluka med ei ny – eller forsøk og etterisoler rundt sjølve loftsluka. Dette er spesielt viktig om du ikkje har isolasjon på loftet frå før.
  • Kalde loft gir kalde hus. Etterisolering av gamle loft er ein forholdsvis enkel og billig jobb, som gir store innsparingar. Investerer du 10.000 kroner i etterisolering vil du spare det inn att etter tre år som følgje av lågare fyringsutgifter.
  • I overgangen mellom vegg og golv kjem det ofte trekk inn i eldre hus. Her bør det etterisolerast.

Hugnes seier at dette er operasjonar som ein ofte kan gjere utan fagfolk - men har stor effekt på straumrekninga og bukomforten.

Gamle vindauge

Isolering rundt gamle vindauge kan vere effektivt for å redusere straumkostnandane.

Foto: Frode Søreide / NRK

LES OGSÅ: Dette reduserar bustadprisane 20 prosent

Energimerkekalkulator

Birger Bergesen

Birger Bergesen, leiar for energibruksseksjonen i NVE

Foto: Hilde Totland Harket / NVE

Alle nye hus som blir seldt eller leigd ut skal i dag ha ein energikarakter. Enova og NVE lanserar i dag ein eigen energimerkekalkulator – der du kan få fleire konkrete tips til korleis du kan gjere bustaden din betre rusta mot ein kald vinter og høgare straumprisar.

– Med energimerkekalkulatoren kan du enkelt sjå kva energimerke bustaden din får, sier Birger Bergesen, leiar for energibruksseksjonen i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Du som alt har energimerket bustaden din får no eit tilleggstilbod. No kan du sjå kva energimerke du får dersom du isolerer, skifter vindauge eller andre straumsparande tiltak, sier Bergesen.

– Tiltaka du har prøve ut i energimerkekalkulatoren kan du ta med til fagfolk og få prisar og konkrete løysningar, legg han til.

Energimerking

Ny kalkulator frå Enova gir tips til å betre energikarakteren på bustaden din.

Foto: NRK

10 gratis sparetips

Men ikkje alle tiltak treng å koste pengar. Mykje går rett og slett berre på å endre haldningar.

  1. Luft kort og effektivt i staden for å la vindauget stå på gløtt. Då unngår du nedkjøling av golv, tak og veggar.
  2. Monter sparedusj. Dette halverar normalt forbruket av varmt vatn til dusjing.
  3. Reduser varmen i varmtvasspredaren til 65 grader.
  4. Monter termostat for styring av romtemperatur og tidsur for nattsenking av temperaturen.
  5. Slå av varme og lys i rom som ikkje er i bruk.
  6. Hald innetemperaturen på 19 - 22 grader. For kvar grad du senkar innetemperaturen, sparer du cirka 5 prosent av kostnadane til oppvarming - samtidig får du eit betre innemiljø.
  7. Bruk alltid tidsur når du brukar motorvarmar. Ein motorvarmar treng ikkje stå på lengre enn maksimum to timar.
  8. Dropp badekaret. Eit badekar brukar omlag tre gongar så mykje energi som ein dusj.
  9. Unngå standby-forbruk. Lar du elektriske apparat stå i standby trekker dei energi - sjølv om dei ikkje er i bruk. På landsplan har dette mykje å sei.
  10. Unngå elektrisk oppvarming om mogeleg. Har du vedomn er det ofte mogeleg å erstatte 5000 - 10.000 kWh elektrisk varme.
Illustrasjonsfoto

Eit godt bad er deilig - men brukar tre gonger så mykje energi som ein dusj.

Foto: Getty Images

Hugnes i Enova vedgår at trykket på å spare straum er mindre, no som straumprisane er forhåldsvis låge, grunna mykje nedbør i sommar.

- Men eg meiner vi skal snu på flisa. Det er no det er viktig å setje inn tiltaka, medan du har litt ekstra å gå på. På den måten er du betre rusta når kulda kjem og straumprisane aukar, seier Hugnes.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)