NRK Meny
Normal

Oppdatert: Trodde 14-åring døde av vaksine – viste seg å være svulst

Britisk jente døydde kort tid etter HPV-vaksinering. Lokale helsestyresmakter har stoppa vaksineringa. OPPDATERT: Britiske helsemyndigheter har slått fast at Morton døde av en alvorlig svulst i brystet, og at dødsfallet ikke var en reaksjon på vaksinen, skriver BBC. Les hele saken her: 14-åringen døde av svulst.

Natalie Morton

Natalie Morton.

Foto: Caters Pictures / Caters News Agency Ltd

I haust startar HPV-vaksineneringa av 30.000 norske jenter i sjuande klasse som har skapt mykje debatt .

Mange meiner ein foreløpig veit for lite om vaksinens effektar og biverknadar til å setje vaksinen inn i det nasjonale vaksineringsprogrammet, slik har vore i fleire andre europeiske land dei siste åra.

No er ei liknande HPV-vaksine kopla til eit dødsfall i England.

14 år gamle Natalie Morton blei alvorleg sjuk kort tid etter å ha fått HPV-vaksinen Cervarix.

Jenta fekk ein ekstrem reaksjon på vaksinen, og blei frakta til universitetssjukehuset i Coventry. Men livet sto ikkje til å redde, melder Sky News.

- Vi har sett i gong ei hasteundersøkjing av denne tragedien. Sjølv om dette skjedde kort tid etter at jenta hadde motteke vaksinen, kan ein ikkje kople dødsfallet til vaksinen før alle fakta er kjende, og før obduksjonsrapporten er klar, seier Dr. Caron Grainger, helsedirektør i Conventry, i følgje BBC.

- Tek dette alvorleg

Helsestyresmaktene har i følgje britiske medier no stoppa HPV-vaksineringa som eit vernetilak. Dei bekreftar likevel overfor BBC at vaksineringsprogrammet vil halde fram etter kort tid.

Jenta døydde etter vaksinering i eit nasjonalt vaksineprogram ikkje ulikt det norske jenter no går gjennom.

I Norge får tenåringar tilbod om vaksinen Gardasil. Men sidan denne liknar på Cervarix, følgjer Folkehelseinstituttet no saka nøye.

- Sjølv om det er for tidleg å seie noko om det er vaksinen som har skulda, tek vi dette så klart veldig alvorleg, seier folkehelsedirektør Geir Stene-Larsen til NRK.

Geir Stene-Larsen

Geir Stene-Larsen, direktør ved Folkehelseinstituttet.

Foto: NRK
Går tilbake på garanti om trygg vaksine

Foreløpig vil vaksineringa i Noreg gå som planlagt.

- Dersom det er snakk om ein allergisk reaksjon, noko som kan skje med alle vaksiner, vil ikkje det vege tungt nok til å stoppe vaksineringa. Men om det skulle syne seg at det er ein hittil ukjent biverknad av vaksinen som er skuld i dette, vil vi vurdere saka på nytt, seier Stene-Larsen.

Stene-Larsen garanterte i NRK Puls si tv-sending mandag kveld at norske foreldre kan vere trygge på HPV-vaksinen. No formulerer han seg med andre ord.

- Vaksinen har før synt mindre alvorlege biverknadar, men dette er første eventuelle dødsfall, så vi må vurdere dette nøye når vi finn ut meir om årsakene. Det er vanskeleg å seie noko her og no.

- Ingen skal måtte ta vaksinen før vi er trygge att

Han stadfestar at vaksinen Cervarix liknar på Gardasil som norske jenter får tilbod om.

- Dei er bygd mykje på samme prinsipp og har nesten samme verkestoff, men det kan vere skilnadar i tilsetjingsstoffa. Så om det er sjølve vaksinen jenta har reagert på, kan vaksinen som blir nytta i Noreg kanskje ha samme biverknad.

Stene-Larsen meiner det vil gå to-tre dagar før ein foreløpig rapport ligg klar.

- Det er heilt avgjerande for oss å få avklart dette så snart som mogeleg. Ingen norske foreldre skal måtte ta stilling til vaksinen før dette er avklart, det ville vore heilt urimeleg.

Fleire jenter har reagert

I løpet av dagen skal kroppen til jenta bli undersøkt for å finne ut årsaka til dødsfallet. Det er mogeleg at andre medisinske årsaker kan liggje bak.

I følgje BBC har 1.4 millionar dosar Cervaix ført til 4.567 reaksjonar som ein mistenkjer er knytte til vaksinen.

Fleire jenter ved skulen til Natalie skal ha synt moderate reaksjonar på vaksinen. Enkelte blei uvel, og nokre blei sende heim frå skulen, melder Sky News.

OPPDATERT: 14-ÅRINGEN DØDE AV SVULST

Livsstil:

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.