Hopp til innhold

Stor skepsis til HPV-vaksine

Mange foreldre vegrar seg for å takke ja til den omstridde vaksineringa av 12 år gamle jenter.

Video nsps_upload_2009_9_25_16_51_39_2507.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Denne hausten får 30.000 norske jenter i sjuande klasse tilbod om gratis vaksine mot HPV-viruset , ein infeksjon som kan føre til livmorhalskreft.

Debatten om den nye HPV-vaksinen har rasa dei siste månadane. Mange forskarar meiner vaksinen er for dårleg, og at den ikkje har påvist effekt mot kreftsjukdommen som årleg tek om lag 100 liv berre i Noreg.

Helsestyresmaktene har likevel sett i gang vaksineringsprogrammet , trass i at effekten kanskje først vil syne seg om fleire tiår. Men norske foreldre er skeptiske til vaksinen.

Foreløpige tal som NRK Puls har henta inn, syner at godt under 80 prosent av dei 12 år gamle jentene vil bli vaksinerte. I andre vaksinasjonsprogram er detalkinga som oftast langt over 90 prosent.

(Trykk på biletet øvst for å sjå tv-reportasjen om HPV-vaksinen)

Særs store skilnadar

Resultata er henta inn i form av stikkprøver frå 20 skular i åtte norske kommunar. Oppslutnaden rundt vaksinen varierer enormt.

På ein skule i Alta i Finnmark var det nesten full oppslutnad kring vaksinen, medan berre fire av 10 takka ja ved ein annan skule i kommunen.

I Bærum er ståda ganske lik, med nesten full oppslutnad kring HPV-vaksinen ved ein av skulane, medan langt under halvparten seier ja ved ein annan skule.

Stikkprøver frå ein skule i Larvik syner at 29 jenter har fått vaksinasjonsløyve frå foreldra, medan fire takka nei. På ein annan skule i kommunen har dei fleste takka nei til vaksinering.

- Mange vegrar seg

Helsesyster Anne Baklund i Bærum kommune seier at oppslutnaden også varierer frå klasse til klasse. Ho trur at debatten rundt vaksinen gjer at mange foreldre vegrar seg for å vaksinere døtrene sine.

- Mediedekninga av vaksinen har sjølvsagt hatt mykje å seie. Eg har full forståing for at foreldra synest at det er vanskeleg å ta stilling til dette. Å ta personleg ansvar for å avgjere noko sånt for døtrene sine er eit krevjande val.

Baklund meiner likevel at det er naudsynt at vaksineringsprogrammet blir gjennomført slik det no ligg føre.

- Vi må fokusere på at WHO og Folkehelseinstituttet anbefaler alle å ta vaksinen, og ha tillit til at det er trygt og bra. Difor står vi som skal utføre dette lojalt bak vedtaket om å vaksinere.

  • Tre av fire seksuelt aktive får HPV-viruset i løpet av livet, men dei fleste klarer å bekjempe infeksjonen. Om lag 300 norske kvinner utviklar livmorhalskreft kvart år.