Hopp til innhold

Bør du takke ja til denne?

HPV-vaksinering av 12 år gamle jenter er omstridd. Her kan du lese råd frå fagfolk på begge sider av debatten.

Sprøyte.
Foto: LAURENT CARO / BELPRESS

Vaksinen mot HPV-viruset som kan føre til livmorhalskreft, har lenge vore omstridd. Likevel tilbyr helsestyresmaktene i haust vaksinen til 30.000 jenter i sjuande klasse.

Tal NRK Puls har samla inn syner at under 80 prosent av norske foreldre føler seg trygge nok til å takke ja til vaksinen.

Vi har difor spurt to fagfolk om råd til norske foreldre som no skal velje om dei ønskjer å vaksinere borna sine.

Ole Alexander Opdalshei er assisterande generalsekretær i Kreftforeininga. Han meiner foreldre bør takke ja til HPV-vaksinering av døtrene sine i haust.

Marte Walstad er allmennlege ved Ranheim legesenter i Trondheim, og medlem av Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helsetenesta. Ho var ein av tre i Prioriteringsrådet som gjekk mot fleirtalet på 19, då rådet i fjor gjekk inn for ei anbefaling av HPV-vaksinering i Noreg .

- Hadde ikkje vaksinert dottera mi

Vil du anbefale norske foreldre å takke ja til vaksinering?

Opdalshei: - Ja. Dette er ei effektiv vaksine mot ei alvorleg kreftform, med mellom 75 og 100 dødsfall i Noreg kvart år. 40 millionar doser har blitt nytta verda over, utan alvorlege biverknadar. Vaksinen har blitt vurdert av fagpersonell i mange land, ei breidt samansett ekspertgruppe i Folkehelseinstiuttet har gått inn for vaksinen, og Kunnskapssenteret har slått fast at dette vil ha positive samfunnsøkonomiske konsekvensar . Vaksinen kan også behandle kreft på tidlege stadium, noko som kan hindre at komplikasjonar ved svangerskap.

Walstad: - Nei, hadde det vore mi dotter, hadde eg ikkje ville ha vaksinert henne. Eg synest vi har for lite kunnskap og for få studiar som syner om denne vaksinen har verknad på kreft. Og vi veit ikkje nok om biverknadane. Dette burde vi ha nytta meir tid på før vaksinen blei innført. Ingen andre av vaksinene vi nyttar i Noreg i dag er vi usikre på om fungerer eller ikkje.

- Ingen alvorlege biverknadar

Ole Alexander Opdalshei

Ole Alexander Opdalshei, Kreftforeininga.

Foto: Kreftforeningen

Kva er faren for biverknadar ved denne vaksinen?

Opdalshei: - Det er ein viss risiko ved å ta alle vaksiner. Men det å kunne førebyggje ein kreftsjukdom, er ei mogelegheit til å i alle fall gjere noko. Biverknadane inneber ingen helserisiko av alvorleg karakter, men det er sjølvsagt viktig å få ut god informasjon til foreldre om kva dei skal velje. Det som har kome for dårleg fram, er at det har vore veldig mange fagfolk inne og vurdert og kvalitetssikra denne vaksinen.

Walstad: - Vaksinen er vel knapt testa ut på 12-åringar før, og langtidsperspektivet vi har på uttesting så langt er 6-8 år. Det vil gå tiår før vi ser kva konsekvensane er på sikt, og difor er dei faktiske biverknadane framleis usikre. Når vaksinen blir gjeven til heile folket, vil det også bli vanskeleg å sjå kva som eventuelt berre rammar dei som har fått vaksinen. I Finland avventar helsestyresmaktene innføring av vaksinen til ein har forska meir på verknadane. Dette synest eg hadde vore riktig å gjere i Noreg også.

- Sterke økonomiske interesser bak

Vaksinen har vore omstridd, og mange foreldre føler dei veit for lite til å bestemme seg – har innføringa av vaksinen gått riktig føre seg?

Opdalshei: - Eg skjønar at enkelte synest det er vanskeleg å bestemme seg, men når fleire årskull har teke vaksinen over tid, vil nok fleire bli tryggare på den. Når det syner seg at vaksinen fungerer, kan ein snu på det – hadde det ikkje vore etisk feil å ikkje innføre vaksinen når den reddar liv? Dette har vore ein lang prosess som folk kan vere trygge på at har gått føre seg på ein god måte.

Marte Walstad

Marte Walstad, fastlege.

Foto: Prioriteringsrådet

Walstad: - Eg tenkjer at det står ganske proffe folk bak argumenta som ligg til grunn for vaksineringa, som tener mykje pengar på avgjerdene som blir tekne. Det ligg sterke økonomiske interesser i ein vaksine som potensielt skal ut til alle 12-åringar i heile verda. Kreft er tragisk for dei det rammar, men det rettferdiggjer ikkje å innføre ei vaksine som potensielt kan skade alle som får den, når vi har andre midlar. Halvparten av dei som døyr av livmorhalskreft har ikkje vore inne til kreftscreening. Eg meiner fleire screeningar ville vore ein betre måte å redde fleire liv på.

- Kan vere for seint å vaksinere seg seinare

Det kostar nesten fire tusen kroner å ta vaksinen på eit seinare tidspunkt. Utgjer ikkje dette eit ekstra press på foreldre som skal bestemme seg om dei ønskjer å ta vaksinen gratis no?

Opdalshei: - Det er mange som vil vere i faresonen for viruset, så dersom ein vil vere sikker på at vaksinen skal ha effekt må ein ta stilling til den no, før desse jentene blir seksuelt aktive. Ønskjer ein å ta vaksinen når ein er 30 år, kan det vere for seint. Det kan nemleg ta lang tid frå ein får virusinfeksjonen til kreften utviklar seg.

Walstad: - Den høge vaksineprisen legg heilt klart eit ekstra press på foreldra, som heller ikkje får særleg lang tid til å bestemme seg på. Eg trur også det er vanskeleg for helsesystrene som skal gje vaksinen å svare på spørsmåla frå foreldra. Vi som helsepersonell følgjer så klart dei retningslinjene som kjem, men om nokon spør meg personleg, ville eg ha fått problem med å forsvare dette.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)