Ein hund utan manerar kan vere slitsamt.
I sesong to av «Frå bølle til bestevenn» prøver hundetrenar Maren Teien Rørvik å forandre sju familiar med hundane deira.
Ulike problem
– Zlatan tissar inne og vil ikkje køyre bil, Odin verkar farleg, Mia bjeffar heile tida og Louie er vill etter rullebrett, fortel hundetrenaren.
Joey gjer utfall mot andre hundar på tur, Bingo leikebit og gjer akkurat som han vil på tur, og Leo tygg på alt han kjem over.
– Problema er mange, men eg skal prøve å få kustus på dei, seier Teien Rørvik.